4H med krevjande snuoperasjon

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette overlever me. Me gjer inga endring i grunnstrukturen. Grunnlaget vårt og planane våre er dei same. Endringane kjem på det administrative planet. Me må rett og slett finna ein annan måte å driva organisasjonen på. Det er kjempespennande, seier Sølvi Egner-Kaupang.

Ho har for lengst slikka såra etter at regjeringa i fjor haust vedtok at 4H ikkje lenger får ha gratis kontorplass hos fylkesmennene slik organisasjonen har hatt i 60 år. No er det kampvilje og nytenking som pregar henne. Ho snakkar med fast stemme og stort pågangsmot.

Timeplanen er fullbooka og vel så det. Snart skal ho vidare for å diskutera den omfattande omorganiseringa av 4H.

– Eg ser på dette som ei unik moglegheit til å forma ein ny organisasjon, seier ho.

Færre tilsette

I dag har 4H førti kontorplassar fordelt på alle fylke i Noreg. Flest tilsette er det på hovudkontoret på Hellerud i Akershus, som har tolv medarbeidarar. Frå 1 juli neste år er det slutt på denne ordninga med gratis kontorplassar rundt om i fylka. Då må 4H finna andre løysingar for dei 55 tilsette. Det er inga enkel oppgåve.

– Det finst ikkje økonomi i organisasjonen til å leiga lokale og halda oppe den strukturen me har i dag. Me er difor nøydde til å kutta i bemanninga, seier Egner-Kaupang.

Ho peikar på at avviklinga av ordninga med gratis kontorplass hos fylkesmennene omfattar mykje meir enn utgifter til skrivepult og lys. Til saman reknar 4H med at ordninga svarar til eit inntektstap på mellom fem og seks millionar kroner.

Konsekvensen av dette er at mange av dei tilsette må gå.

– Det å fortelja folk at det ikkje er arbeid til dei er skrekken for alle leiarar. I 4H kjenner alle kvarandre. Det blir nesten som å be nokon i familien om å flytta ut. Det er aldri morosamt, seier Sølvi Egner-Kaupang, som legg til at dette er baksida av det å vera leiar.

Ho rosar likevel dei tilsette for stor forståing for situasjonen og for å vera svært lojale.

LES OGSÅ:Rumpeldunk eller cheerleading?

Ulike modellar

Arbeidet med den nye strukturen av 4H er no i sluttfasen. 30. mai skal ei arbeidsgruppe leggja fram forslag til kor mange tilsette 4H kan behalda. Gruppa kjem også med forslag til korleis arbeidet kan organiserast vidare.

– Sannsynlegvis vil dei skissera to, tre, fire modellar. Dei omfattar truleg alt frå full sentralisering og samla alle på eit sentralt kontor til full desentralisering og plassera alle ut i distrikta – og noko midt i mellom der ein tenkjer regionar eller samanslåing av nokre fylke.

Det er med andre ord ikkje sikkert 4H vil ha tilsette i alle fylke frå 1. juli neste år. Kor organisasjonen står sterkast får mykje å seia.

– Sjansane for at me satsar der 4H alt er stor, er ganske sannsynleg, medgjev generalsekretæren. .

Det vil i praksis seia Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag og Rogaland.

12. juni skal saka opp i landsstyret i 4H.

– Då vil me sjå ei retning på dette, før saka blir endeleg avgjort av landsmøtet 5. september.

LES OGSÅ:Ungdomsråd kjempar for 4H

Frir til frivillige

Samtidig med at Sølvi Egner-Kaupang førebur seg på å leia ein organisasjon med færre tilsette, er ho oppteken av å finna andre måtar å halda aktiviteten oppe på.

– Dette er ikkje kroken på døra for 4H. Det nektar eg å vera med på. Me er nøydde til å sjå på dette som ei unik moglegheit til å revitalisera eit frivillig apparat og til å syta for at frivillige får endå betre plass til å bidra og vera med å utvikla organisasjonen.

Ho gler seg over alle dei dyktige folka 4H har rundt om i landet.

– Medlemmer, foreldre og føresette gjer ein kjempejobb for organisasjonen, og det er desse som i endå større grad må få høve til å bidra. Det trur eg er fullt mogleg. Det handlar om å tenkja på ein annan måte enn me har gjort så langt. No har me ei moglegheit til å gå gjennom organisasjonen på godt og vondt, seier Sølvi Egner-Kaupang som har stor tru på ein ny giv for 4H Norge som neste år rundar 80 år. (©NPK)