Dette kan bli ein internasjonal vinnar
Skrytefilmen om Sunnhordland kan vinna pris på ein polsk filmfestival.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kan bli ein inter-nasjonal vinnar
Saka var først i Bladet Sunnhordland
Filmen, som blei publisert på Sunnhordland.no i november 2013, fekk skryt frå mange hald. Mellom andre av regissør Erik Poppe, som sa «de har all grunn til å vera stolte av resultatet». Filmen fekk også pris under Gullsild-utdelinga i Haugesund i kategorien beste reklame- og informasjonsfilm.
No får filmen, som er regissert av Simeon Frohm og produsert av reklamebyrået Zpirit for Samarbeidsrådet for Sunnhordland, også internasjonal merksemd. Samarbeidsrådet er invitert til å delta på den internasjonale filmfestivalen Film, Art & Tourism Festival i Polen.
SJÅ OGSÅ: Drone avslører spøkelsesby ved Tsjernobyl
– Dei hadde oppdaga filmen «Where do you want to live» (Sunnhordlandsfilmen) via YouTube og nettstaden til omdømmeprosjektet. «We are absolutely delighted about your film» skreiv dei, og kunne samstundes opplysa at filmen var plukka ut til å delta i den internasjonale filmfestivalen, som i år feirar 10-årsjubileum, skriv prosjektleiar Anne Synnøve Lønne i Samarbeidsrådet i ei pressemelding.
Sjå videoen her!
Leiinga ved festivalen skal ha meint at dette ikkje er ein typisk film der ein presenterer flotte hotell og store byar.
– Her har naturen og dei hyggjelege folka hovudrolla. Her er naturen flott, livet enklare og folk lukkelege. Dei påpeikar også at produksjonen er spesielt god, med musikk som underbyggjer opplevinga. Film, Art & Tourism Festival er glade for å ha Sunnhordlandsfilmen med i den internasjonale kategorien, skriv Lønne.
LES OGSÅ: Vann gullsild for filmen om Sunnhordland
Film, Art & Tourism Festival har blitt arrangert i Warszawa sidan 2006. Festivalen samlar bransjefolk innan filmar for turisme og kulturarv. Festivalen er den einaste i sitt slag i Polen som er medlem av International Committee of Tourism Film Festivals CIFFT.
Ifølgje Lønne konkurrerer 60 filmar i den internasjonale klassen.
– Nett no går det føre seg jurymøte for å avgjera kven som vinn. Juryen består av profesjonelle filmskaparar, Oscar- og andre prisvinnarar, i tillegg til ekspertar innan dei ulike kategoriane. Sjølve tildelinga skjer under ein internasjonal galla som vert arrangert 18. juni. Til stade vil det vera bransjefolk frå den internasjonale filmindustrien, representantar frå ambassadar og turiststyre frå heile verda, seier Lønne i Samarbeidsrådet.
Erik Poppe: Dette er eit overskotsprosjekt
Vinnarane får tildelt både statuett og diplom. Dei får også internasjonal promotering via magasinet Film Art & Tourism. Festivalen i Polen samarbeider med Cannes Corporate Media & TV Awards, New York Festivals, International Film & Video Festival i Los Angeles og Art&Tur International Film Festival i Portugal.
– Dette var veldig kjekt, seier Lønne.
– Me veit at mange har sett og likar filmen, men at han skulle bli oppdaga og plukka ut til å delta på filmfestival i utlandet hadde me ikkje rekna med. Det syner at Sunnhordland er synleg og ein attraktiv bu- og arbeidsregion, også utanfor grensa til Norge, skriv ho.
LES OGSÅ: Utruleg video frå vulkanutbrot