Fann 100 granatar på tur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Vest-Telemark Blad

I Fyresdal er det tilbod om å bli med på toppturar med naturlos så og seie gjennom heile året. Kristi himmelfartsdag var det tid for å køyre over heia til Fjone, opp til Grytestøyl og så gåtur derfrå til Dyrvasshytta.

– Me var 25 på turen, som blei kjempefin. På hytta blei me møtt med suppe laga av Inger Angell og Halvor Solberg, og så var det ei flott omvising i området, seier naturlos Gunhild Momrak.

LES OGSÅ: Unikt funn på Svortland

Gjekk unna
Like før krigen var over i 1945 skal det ha blitt sleppt 52 små konteinarar med granatar i heiområdet på Fjone. 27 av dei er dokumentert funne så seint som i 2005. Like ved Dyrvasshytta ligg det framleis konteinarar og andre ting frå flysleppa, men ikkje med granatar, sjølvsagt.

Fire av karane på fellesturen gjekk 300–400 meter frå hytta, og kom til å sjå under ei gran med greiner heilt ned til bakken. Plutseleg fekk dei sjå to små konteinarar som var opne i eine enden.

– Me såg i alle fall ti granatar der, seier Momrak, som var bort og såg på funnet.

– Me lea ikkje på noko, bare stilta oss tilbake. Det var veldig spennande, seier naturlosen.

Militæret ordna opp
Like etter funnet blei militæret kontakta. Laurdag var fleire personar frå militæret oppe ved granatane og sprengte dei. 

Akkurat denne hendinga vil nok garantert sitje som klistra i historia til toppturgruppa.

– Det var veldig moro at det blei oppdaga noko slikt på turdagen. Flaks, må ein vel seie, avsluttar Momrak.

LES OGSÅ: Er framleis på slagmarka kvar dag