– Etter nokre sekund skjønte eg at dette var noko anna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Opplevde jordskjelvet

Saka var først i Møre-Nytt

– Alt er vel med oss, og vi opplever det som uverkeleg at det er slik, skriv Sven Castberg i ei Facebook-oppdatering. Han landa i Katmandu nokre timar før det kraftige jordskjelvet, tysdag.

LES OGSÅ: Speler data for Nepal

– Venen min, Mr. Bista, og var akkurat komne tilbake til hotellet etter ei vandring mellom ruinane etter storskjelvet. Venene mine i Katmandu hadde førebudd meg på etterskjelva, så eg var ikkje overraska då bakken begynte å riste. Men etter nokre sekund skjønte eg at dette var noko anna. Ansiktsuttrykka til dei tilsette på hotellet endra seg frå "å, endå eit etterskjelv" til frykt. Alle sprang i panikk vekk frå hotellet. Så stod vi der i om lag 25 sekund, og såg på at det store bygget ristet og mista nye deler av ein vegg som vart skadd ved forrige skjelv, skriv Castberg.

LES OGSÅ: – Ei temmeleg guffen oppleving
LES OGSÅ: Naudhjelpa må ha prioritet

Han er i Nepal på oppdrag frå Norges Blindeforbund, som driv produksjon av mellom anna Kashmirskjerf i landet. Produkta blir selde til inntekt for det veldedige arbeidet til organisasjonen.

– Då skjelvet var over, klappa Mr. Bista meg på skuldra og sa at det var bra vi booka om til eit hotell utanfor sentrum. For oss som hadde tilhald i trygge bygningar kom situasjonen til normalen etter ein times tid. Etterskjelva opplevde eg som ein frisk bris på Sunnmøre.

Episenteret til dette skjelvet, som målte 7,3 på Richters skala, var langt frå Katmandu. Likevel raste fleire bygningar saman. Onsdag morgon var minst 65 personar i Nepal stadfesta omkomne som følgje av skjelvet, ifølgje CNN.

– Det er ei snodig oppleving å sitte her, midt i hendinga, og vi er dei som veit aller minst om kva skjer. Straum, TV og nett har vore borte i fleire timar, skriv Castberg.

LES OGSÅ: Karoline ber om hjelp til Nepal