Partileiar vil ha meir rap i politikken
Lage Nøst overraska landsmøtet med rimande tale.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Partileiar vil ha meir rap
Nasjonal talsperson for Grøn Ungdom hausta applaus for talen han heldt for landsmøtet til Miljøpartiet Dei Grøne i Stavanger no i helga. Jazzstudenten seier til Bergens Tidende at han gjerne kunne tenkja seg fleire rap battles i politikken.
– Det kunne kanskje engasjert litt yngre veljargrupper. Alle kan jo lira av seg noko kommunikasjonsrådgivarpjatt, seier han til avisa.
Sjå talen hans her:
Landsmøtet til Dei Grøne vedtok ei rekkje tiltak for miljø, redusert forbruk, livskvalitet, jordvern, handelspolitikk, krav til våpeneksport, styrking av yrkesfag og miljøvenlege offentlege innkjøp på landsmøtet laurdag.
QUIZ: Kva veit du om MIljøpartiet Dei Grøne?
Partiet gjekk inn for mellom anna:
• Sundag framleis som fridag for hovuddelen av norsk arbeidskraft.
• Vil ha inkluderande byrom utan reklame på toalett, gatemøblar osv.
• Nei til E18 vestover frå Oslo
• Nei til retusjert reklame
• 10.000 syriske flyktningar
• Jarnbanereform
• Vil lovfesta nullvisjon for tap av *matjord
• Vedtok ny grøn handelspolitikk – Noreg må trekkja seg frå forhandlingane om TISA.
• Nye krav til norsk våpeneksport
• Vil styrkja yrkesfaga
• Grønare innkjøp