Verkemiddel i «Betlehem 2005» og SMS frå Gilbert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

”Bethlehem 2005” er eit graffitikunstverk måla av den britiske gatekunstnaren Banksy. Eit sentralt verkemiddel i dette samfunnskritiske kunstverket er kontrast. Det er ein stor kontrast mellom den flotte sandstranda med palmar og blå himmel og den store, triste og grå muren med piggtrådgjerde framføre. Dette vil skape interesse og fungere som eit blikkfang hos mottakaren. Kunstnaren har også måla to leikne barn. Dette er truleg for å spele på patos, altså å vekkje kjensler hos mottakaren. Mottakaren vil kanskje tenkje at barna er på feil side av muren og at dei heller burde ha vore på sandstranda med bøttene og spadane sine og leika i staden. Formålet med kunstverket er truleg å vise korleis Israel kunne ha vore utan konflikt og murar. Han viser oss eit bilete av eit vakkert land og set spesielt fokus på at barn ikkje burde vore fanga i ei slik konflikt.

”SMS fra Gaza” er ei ekte tekstmelding som lege og politikar Mads Gilbert sendte då han vart vitne til konflikten i Gaza i 2008-2009. Det er spesielt sterke verkemiddel i ordbruken hans. Han bruker fæle ord  som ”død”, ”blod” og ”amputater”. Å blande slike ord med ”masse barn” og ”gravid kvinne” vil truleg fange merksemda og vekkje kjensler hos dei fleste. Rettskrivinga kan også sjåast på som eit verkemiddel. Han skriv ufullstendige setningar og har fleire teiknsetjingsfeil. Når ein slik velutdanna mann ikkje tek seg tid til å skrive riktig, veit me at det er alvor. Formålet med SMS-en er å opplyse verda utanfor og få nokon til å reagere på det som skjer. Han skriv sjølv kva han ønskjer; ”GJØR NOE! GJØR MER.”

Faktaboks

I 2014 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera ein graffiti av Bansky og ein sms frå Mads Gilbert. Begge omhandla situasjonen i Midtausten.  Sjå heile eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Gunvor Skjelstad på langsvaroppgåva her!