Over 400 forslag til gløymde krigsheltar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire hundre helteforslag

Alle som er meldt inn, skal ha ytt ulike former for sivil eller militær motstand, opplyser Kjell E. Henriksen til Aftenposten. Han leier prosjektet i Forsvarsdepartementet med å finne fram til gløymde heltar.

LES OGSÅ: 70 år sidan jubeldagen i 1945

– Hovudsakleg er det barn og barnebarn som har teke kontakt, og som meiner at deira foreldre og besteforeldre fortener ei anerkjenning dei ikkje har fått fram til i dag, seier Henriksen.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) gjekk i januar ut og etterlyste gløymde heltar frå andre verdskrigen. Dei siste tre åra har personar på vegner av regjeringa leitt etter hittil ukjende norske heltar frå den siste verdskrigen, men regjeringa og heltejegerane konstaterte at oppgåva var uoverkommeleg utan hjelp frå det norske folk.

Personane som blir vurdert som kvalifiserte, vil få tildelt dei høgthengande militære utmerkingane som Krigskorset med sverd, St. Olavsmedaljen med eikegrein og Krigsmedaljen. Fristen for å søke går ut 1. juni. (©NPK)