Ja, det går an å få betre enn 6 som karakter på eksamen. Synnøve Ofte Jakobsen, Gunvor Skjelstad og Torstein Slettmoen har greidd det.

mm
Faktaboks

Fridthiov Oos’ legat er grunnlagt av verksmeister Fridthiov Oos ved testament av 26. april 1918 og ber namnet «Fridthiov Oos’s legat for maalsaken». Det blir styrt av styret for Ivar Aasens fond.

Legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skule.

LES FAKTALUKK FAKTA

Alle som får karakteren seks på eksamensoppgåva si i nynorsk hovudmål, kan få stilen sin sendt inn til juryen for Fridtjov Oos’ legat.

Juryen vel ut tre vinnarar kvart år, og no har Synnøve Ofte Jakobsen, Gunvor Skjelstad og Torstein Slettmoen fått legatet på 5000 kroner for stilane dei leverte i fjor vår. I tillegg får dei bli med i ei eksklusiv gruppe av tidlegare vinnarar, som inkluderer mellom anna Einar Førde, Ottar Grepstad, nobelprisvinnar Edvard Moser og fleire forfattarar og politikarar.

Desse har vunne Fridtjov Oos’ legat

Skryt frå juryen
– Det har vore godt å desse tekstane frå unge som skriv eit så glitrande, smidig og velformulert nynorsk, sa jurymedlem Synnøve Skjong under utdelinga av prisen på årsmøtet til Litteraturselskapet Samlaget.

– Det hadde eg aldri trudd. Det var eigentleg veldig tilfeldig at eg vart med i den konkurransen, og eg gløymte vel heile greia fram til eg fekk høyre at eg var ein av tre vinnarar. Då vart eg overraska, seier Gunvor Skjelstad (bildet) til Framtida.no.

Suldølen var i fjor avgangselev ved Sauda vidaregåande, men går no på fotolinja på Nordhordland folkehøgskule.

– Det er avslutning no på laurdag, så det er berre nokre få dagar igjen, dessverre. Eg har hatt eit veldig fint år her og det blir trist å slutte.

– Kva tenkjer du å jobbe med i framtida?

– Eg er ein av dei som ikkje heilt klarer å finne ut kva eg vil jobba med, men det ser ut som eg blir student i Bergen neste år. Dei fleste studia eg har søkt på handlar mest om biologi, kjemi og miljø, men eg har ikkje bestemt meg heilt kva for eit det blir enno. Eg trur eg berre må begynne på noko som interesserer meg, så får eg sjå kva eg ender opp som til slutt.

Les kortsvaroppgåva og langsvaroppgåva til Gunvor Skjelstad!

– Alltid vore ein ambisiøs person
– Det var staseleg å verte tildelt prisen. For meg fell seg heilt naturleg å skrive nynorsk, så slik merksemd på grunn av det er veldig morosamt! skriv Torstein Slettmoen (bildet) i ei Facebook-melding til Framtida.no.

– Eg valde ei oppgåve som passa meg godt – ei litterær analyse av to dikt. Der fekk eg høve til å finlesa, granske og plukke teksta frå kvarandre til små delar. Utifrå dette prøvde eg å trekke saman trådane, å sjå samanhengar, slik at eg kunne underbygge ei tolking av dikta. For å få til dette på ein god måte er du fullstendig avhengig av fagkunnskap, og ikkje minst evne til å anvende han. Som den realisten eg er passar ei slik analytisk arbeidsmetode meg godt. At det skulle ende med landsbeste eksamen på nynorsk hadde eg riktignok ikkje sett for meg, men det er sjølvsagt ein veldig artig beskjed å få!

Då han gjekk ut frå Vinstra vidaregåande i fjor var 24 av 24 karakterar seksarar. No studerer han i det han kallar studentbyen over alle studentbyar – Trondheim – for å studere medisin ved NTNU.

– Både byen og studiet er utruleg bra, og eg trivst veldig godt. I skrivande stund sit eg på ein lesesal på St. Olavs hospital og førebur meg på dei komande eksamenane.

– Kva kunne du tenkje deg å jobbe med i framtida?

– Eg har nok alltid vore ein ambisiøs person, og var vel kring ti år fyrste gongen eg sa at eg ville verte kirurg. Det er spesielt nevrokirurgien som fascinerer meg, eit utruleg interessant fagfelt. I vinter var eg så heldig å få observere under ein kraniotomi, og det var utruleg interessant! Samstundes er det mange andre interessante vegar å gå innan legeyrket, med heile 44 spesialiseringar, så det er vanskeleg å seie kvar ein endar opp. Dessutan er eg veldig glad i å formidle kunnskap, seg vera som lærar eller føredragshaldar, så eit professorat hadde heller ikkje vore å forakta.

– Det er lett å drøyme seg litt bort, men i fyrste omgang tek eg medisinstudiet og påfølgjande turnus. Det hadde trass alt vore for lite spenning i kvardagen om absolutt alt skulle vore bestemt på førehand!

Les kortsvaroppgåva og langsvaroppgåva til Torstein Slettmoen!

Synnøve Ofte Jakobsen er på oppdrag på Vanuatu. Foto: privat

Vil jobbe mot urett
Synnøve Ofte Jakobsen frå Høydalsmo var russ ved Kvitsund Gymnas i fjor.

– Eg var fyrst og fremst overraska då eg fekk vite om juryen si avgjerd, veldig glad sjølvsagt, men veldig overraska. Eg prøvde berre å skrive eksamenen slik eg vanlegvis skreiv stilar, å gjere det beste eg kunne, skriv Synnøve Ofte Jakobsen på epost frå Vanuatu i Stillehavet til Framtida.no.

– Vel var eg nøgd med teksten (heilt til eg byrja å samanlikne med andre og angre på at eg ikkje hadde slått opp både den eine og den andre verbbøyinga), men at det skulle halde til noko som dette var verkeleg hinsides all forventing. Det er ei stor ære, og eg tenker mest at det einaste eg kan gjere er å takke for all stadfesting og oppmuntring det har gjeve meg. Eg prøvar å ta det til meg, etter råd frå mine amerikanske reisekameratar, som kanskje er litt flinkare til å ta til seg ros enn nordmenn flest.

I januar reiste Synnøve Ofte Jakobsen til Kailua-Kona på Big Island, Hawaii, for å ta ein disippeltreningsskule (DTS) med ein internasjonal misjonsorganisasjon kalla Youth With A Mission, i Noreg kjent som Ungdom i Oppdrag.

– Det er eit program på fem månadar som trenar elevane til å vere misjonærar, og sidan eg tok ein Justice DTS, var det ekstra vekt på internasjonal rettferd og kva me kan gjere for å stoppe uretten me ser i verda i dag. Etter 3 månadar med undervisning i Hawaii reiste me på outreach til ulike nasjonar for dei resterande to månadane, forklarer ho.

– Eg skulle eigentleg reise med eit team til Marshalløyene, men etter syklonen Pam i midten av mars, heiv me oss rundt, danna eit nytt team og reiste på fire dagars varsel til Vanuatu med vassfilter, mat, klede, verktøy og pengar til byggemateriale. No har me tre veker att av tida vår her i Vanuatu, er mange opplevingar og erfaringar rikare, og heldigvis er situasjonen her langt betre enn frykta.

– Kva kan du tenkje deg å jobbe med i framtida?

– Planen min for framtida er å studere jus, for å kunne jobbe som jurist i land der urett, korrupsjon og menneskehandel langt på veg er akseptert av styresmaktene, medan vanlege folk berre må leve med det. Draumen er å jobbe med systema og lovverka som tillét at denne uretten skjer. Kvar, korleis og når veit eg ikkje, men det er foreløpig heller ikkje så viktig.

Les kortsvaroppgåva og langsvaroppgåva til Synnøve Ofte Jakobsen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE