Tolking av «Betlehem 2005» og SMS frå Gilbert

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bethlehem 2005 blei måla av den britiske gatekunstnaren Banksy på muren på Vestbreidda oppsett av israelske myndigheiter, og viser to små gutar som leikar med bøtte og spade under eit påmåla hol i muren, og gjennom ”holet” kan ein sjå palmer over ei sandstrand. Banksy spelar på kontrast i verket sitt, og er eit av verkemidla han nyttar. Borna er sjablongmåla i svart-kvitt. Paradislandskapet i ”holet” derimot er i klare fargar; det ser ut som eit fotografi og er ikkje stilisert som borna. Strandbiletet står i sterk kontrast området rundt, med muren, piggtrådgjerdet og den støvete bakken. Formålet kan vere å vise tydeleg kva slags verd små barn på Vestbreidda veks opp i; ei verd der det vakre og ekte berre kan sjåast gjennom ein sprekk, der borna berre opplever naturlaust svart-kvitt.

SMS frå Gaza var ein tekstmelding legen Mads Gilbert sende til ein av kontaktane sine i Noreg medan han arbeidde på eit sjukehus i Gaza for palestinske myndigheiter, ein dag då det hadde vore bombeangrep. Teksten gjev inntrykk av å ha blitt skriven i hastverk grunna fleire ufullstendige setningar, og mangel på teiknsetjing. Tekstmeldinga fortel at det er det fryktelegaste han har opplevd, og han oppfordrar mottakaren til å handle. Meldinga er publisert, dermed er det oss han rettar seg mot. Dette gjer at me kan kalla han både ein appellativ og informativ tekst. Gilberts etos, truverdigskap, er det sterkaste verkemiddelet her. Han sjølv har opplevd det han skriv om, og skriv i hastverk, noko stemmer overeins med situasjonen han fortel om.

Faktaboks

I 2014 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera ein graffiti av Bansky og ein sms frå Mads Gilbert. Begge omhandla situasjonen i Midtausten.  Sjå heile eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Sjå svaret til Synnøve Ofte Jakobsen på langsvaroppgåva her!