Tolking av «Betlehem 2005» og Gilbert-SMS

Framtida
Publisert
Oppdatert 20.11.2017 21:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Betlehem 2005» er ein graffiti av den britiske gatekunstnaren Banksy, måla på muren dei israelske styresmaktene har sett opp mot Vestbreidda. Graffitien syner to barn som leiker i sanda, og ei idyllisk sandstrand. Ved å separere desse to elementa, oppstår det ein kontrast. Slik får kunstnaren fram bodskapen sin om urettferd mot sivile, og spesielt barn. Kontrasten vert forsterka ved at barna er måla i svart-kvitt, medan sandstranda er måla med friske farger.

Sandstranda er måla i noko som skal førestille eit hol i muren, med sprekkar rundt. Slik kan graffitien vise til korleis livet på Vestbreidda kunne vore utan muren. Plasseringa over barna, kan òg gjeve inntrykk av at sandstranda er ei tankeboble, som uttrykkjer eit håp hos barna. Nyttinga av barn gjev graffitien ein tydeleg patosappell.

Patosappellen er òg eit sentralt verkemiddel i SMS-en Mads Gilbert sendte frå Gaza i 2009. Den ordknappe og direkte skivemåten sett stemninga kring dei valdsame inntrykka Gilbert skildrar. Inntrykka kjem mellom anna fram ved ein metafor på mange døde, og eit språkleg bilete. «Hades! Vi vasser i død, blod og amputater». Gilbert får tydeleg fram alvoret, og skriv rett ut at han aldri har opplevd noko så frykteleg.

Gilbert nyttar, som Banksy, liding hos sivile for å fremje patosappellen. «Masse barn. gravid kvinne». Felles er formidlinga av ein bodskap som krev at omverda handlar for å få slutt på lidinga. Gilbert uttrykkjer dette direkte. «GJØR NOE! GJØR MER». Sjølv om Banksy er meir indirekte i sin argumentasjon, formidlar han det same. Den eine gjorde det i 2005, den andre i 2009, og i 2014 er konflikten framleis aktuell.

Faktaboks

I 2014 fekk VG3-elevane på studieførebuande éi kortsvaroppgåve på eksamen i norsk hovudmål der dei skulle analysera ein graffiti av Bansky og ein sms frå Mads Gilbert. Begge omhandla situasjonen i Midtausten.  Sjå heile eksamensoppgåva her! (ekstern lenkje)

Torstein Slettmoen fekk Fridtjov Oos’ legat og karakteren seks for oppgåva si.

Sjå langsvaroppgåva hans her!