Stort fleirtal for pelsdyrnæring

Berre éin av fire som har svart i høyringa om framtida for pelsdyrnæringa, vender tommelen ned for den omstridde verksemda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stort fleirtal for pels

Eit regjeringsoppnemnt utval foreslår at pelsdyrnæringa skal få fortsette, men at det blir sett inn tiltak for å «styrke legitimiteten til næringa utan å svekkje konkurransekrafta».

Av dei 38 instansane som har svart Landbruks- og matdepartementet, meiner 28 at næringa bør få fortsette, melder P4.

LES OGSÅ: Reagerer på NRK-dokumentar

Mattilsyn og veterinærar kritiske
Motstandarane – blant dei Mattilsynet og Den norske veterinærforening – meiner blant anna at næringa ikkje har god nok dyrevelferd: «Basert på vår kunnskap om domestisering og dyrs åtferdsbehov er det god grunn til å anta at dei artstypiske behova til desse dyra ikkje blir tilfredsstilt i dagens driftsformer», skriv Mattilsynet.

Fylkesmannen i Rogaland – eit av fylka i landet med flest pelsdyrfarmar – vektlegg at pelsdyrnæringa er «ei lønsam og internasjonalt konkurransedyktig næring». (©NPK)

LES OGSÅ: Unge Høgre snur i pelsdyrsaka