– Slutt med post på laurdagar
Regjeringa vil avvikle postomdeling på laurdag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa foreslår å avvikle omdelinga av post på laurdagar. Samtidig skal Posten sikre laurdagsdistribusjon av aviser.
– På laurdagar blir det delt ut 75 prosent mindre post enn på dei andre fem vekedagane, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).
– Med så små volum og så store faste kostnader, er det naturleg å gå bort frå postomdeling på laurdagar, legg han til.
Sikrar laurdagsaviser
Forslaget til ny postlov vart sendt ut på høyring i fjor haust, og fredag vart det lagt fram i statsråd.
Solvik-Olsen viser til at kjøpet av posttenester frå Posten Noreg blir redusert med rundt 400 millionar kroner dersom laurdagsomdelinga blir avvikla.
Samtidig vil regjeringa sikre distribusjon av aviser seks dagar i veka.
– Vi har stor respekt for at laurdagsavisene er ferskvare og vil sikre at Posten står for laurdagsdistribusjon av aviser på stader der det ikkje er eigne avisbod, seier statsråden.
Fri konkurranse
Samtidig inneber forslaget til ny postlov at EUs tredje postdirektiv blir innført.
Det inneber fri konkurranse på levering av alle brev og pakker. I dag er det fri konkurranse for pakker og brev over 50 gram, medan Posten Noreg har einerett på å levere brev med vekt inntil 50 gram.
– Konkurranse er sunt. Posten Noreg har vist seg svært konkurransedyktig på den opne marknaden, seier Solvik-Olsen.
Han viser til at digitalisering snarare enn konkurranse frå andre selskap er den største utfordringane for Posten Noreg.
– Folk flest, næringsliv, kommunar og staten sender stadig færre brev, seier samferdselsministeren.
I forslaget til ny postlov tar regjeringa også til orde for å etablere eit klageorgan, kor forbrukarar og småbedrifter kan klage på posttenester. (©NPK)