Bøndene krev 950 millionar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom kravet frå jordbruket blir innfridd, vil det gje bøndene ein gjennomsnittleg inntektsauke på 24.200 kroner per årsverk.

– Eg har litt vanskeleg for å slutte meg til at dette kan seiast å vere moderat. Vi har eit krevjande utgangspunkt for dei vidare forhandlingane, seier forhandlingsleiaren for staten, Leif Forsell.

– Vi må vurdere omfanget av kravet ut frå situasjonen elles. Det er mykje som har endra seg sidan i fjor. Lønnsveksten i samfunnet er på veg ned, og moderasjon er overskrifta for lønnsoppgjera, seier han.

LES OGSÅ: Pikekoret Ivar med Listhaug-protest

Reduserte inntektsforskjellar
– Kravet om auka inntektsmoglegheiter på 24.200 kroner per årsverk vil bidra til å redusere inntektsavstanden til andre grupper. Det må til for å styrke lønsemda og for å bruke jorda der ho er. Dette er ein klar invitasjon til regjeringa, seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes.

Kravet frå jordbruket om ei ramme på 950 millionar kroner er tenkt finansiert gjennom ein auke i budsjettoverføringane på 490 millionar kroner.

Kravet føreset også at inntektsmoglegheitene i marknaden aukar med 380 millionar kroner.

I tillegg kjem inntektsverknad frå jordbruksfrådraget på 55 millionar kroner, og overførte midlar frå 2014-budsjettet på 25 millionar kroner.

LES OGSÅ: «Kæ seie bonden?» har blitt ein hit

Vil produsere meir mat
– Norske bønder skal levere på bestillinga frå stortingsfleirtalet om å produsere meir mat på den jorda vi har i Noreg. Då må heile landet brukast, og alle bøndene må få moglegheit til å satse, seier Bartnes.

5. mai vil staten komme med sitt tilbod i forhandlingane, som skal vere i hamn seinast 15. mai. (©NPK)