– Eit forbod vil vere dramatisk

Alle formannskapspartia i Ørsta seier ja til pelsdyr.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Det vil vere dramatisk for Norangsfjorden om pelsdyrhald vert forbode. Dette er ei viktig næring for Ørsta, og Norangsfjorden er tyngdepunktet for pelsdyr i Møre og Romsdal. Det er viktig for jordbruket og det er viktig for sysselsettinga, seier Ola Perry Saure (Sp).

LES OGSÅ: Unge Høgre snur i pelsdyrsaka

Ørsta formannskap handsama ei høyringsfråsegn tysdag. Der skulle dei ta stilling til om dei ønskjer ei berekraftig utvikling av næringa på landsbasis, eller ei styrt avvikling. Formannskapet var klar i talen. Dei går samrøystes inn for ei vidare satsing.

– Eg kjenner ikkje alle pelsdyroppdrettarar i verda, men om ikkje vi som rik nasjon skal kunne ha ei berekraftig næring, kven skal klare det då? Det handlar også om å ha levande bygder, noko som igjen er viktig for turisme og reiseliv, sa Paul Kristian Hovden (KrF).

– Eit samla Ørsta Venstre står bak dette. Dei seier ikkje det same frå sentralt hald, men i denne saka er det ikkje Karl Johan-Venstre som skal seie kva vi meiner, sa Gunnar Knutsen.

LES OGSÅ: Rekordmange nye pelsoppdrettarar