Laurdag 27. juni blir Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet fylt av trønderrock.

Rai Rai! Riddarane av folkeleg rock n' roll skal spela ein uvanleg intim konsert i Ørsta i sommar. I ei pressemelding frå Dei nynorske festspela blir det sagt at det er ingen annan stad ein får sjå det utruleg populære bandet frå Namsos, enn i Uteamfiet i Ivar Aasen-tunet denne sommaren.

LES OGSÅ: Gunnhild Øyehaug er årets festspeldiktar

D.D.E. kjem ikkje åleine. Gjennom fleire år har dei samarbeida med forfattaren Idar Lind om tekstar, og Lind tek også turen til Ivar Aasen-tunet for å snakka om tekstane sine. Saman med komponist i D.D.E., Frode Viken, skreiv han i si tid «Vinsjan på kaia» – ei låt alle har eit visst forhold til i Noreg.

Frå før er det klart at Gunnhild Øyehaug, best kjend for «Vente, Blinke», er årets festspeldiktar. Årets festspelutstillar er Astrid Runde Saxegaard, som tek med seg eksperimentell tekstilkunst til Ørsta.

Prisen til «Årets nynorskbrukar» blir også delt ut under festspela. Det er Jorunn Veiteberg.

LES OGSÅ: I fjor var over 6000 på festspela

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00
ANNONSE