Ein quiz som sprenger rammene!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men tradisjonen utru (eller kva det blir), har eg denne påska valt å vere uoriginal på ein original måte. Eg har laga ein quiz. Ja, eg har det. Men eg har laga ein quiz som sprenger rammene. Ein quiz som ikkje kvir seg for sjå inn i framtida. Og ikkje minst: Ein quiz der svara ikkje handlar om kva som er korrekt, men korleis du opplever ting.

For det kan eg seie deg med ein gong: Ingen av svaralternativa i denne quizen er korrekte.

Det betyr ikkje at dei ikkje er sanne.

Lykke til. Klarer du denne, så er du god.

Kultur!

Spørsmål 1: Kva heiter den siste boka til Jo Nesbø?

a)    Sikkert noko med snø og blod
b)    SIkkert noko med blod og snø
c)     Sikkert noko med kakerlakkar. Og snø. Og blod.

Spørsmål 2: Finst det nokon i Norge som ikkje har skrive krim?

a)    Nei.
b)    Ja. Geir Hansen.
c)     Ja, ho kunsthandverkaren som bur rett borti gata her. Eller vent litt, ho gav jo ut ein krimroman i fjor. Noko med veving. Og blod og snø.

Spørsmål 3: Kor mange gonger har a-ha gjort comeback?

a)    14
b)    67
c)     192

Spørsmål 4: Kor mange gonger har litt for alvorlige musikkjournalistar skulda a-ha for å gjere comeback berre for pengane, og sjølv tenkt at dei seier noko litt tøft og dristig?

a)    141
b)    679
c)     191

Spørsmål 5: Kva tv-seriar liker du best?

a)    Sånne med skjegg og roping
b)    Sånne med lange tenner og mykje nakne folk
c)     Sånne med gods
d)    Sånne med kriminalitet
e)    Sånne frå små plassar der det skjer mykje sjølv om ingen snakkar
f)      Sånne med folk som ser på tv

Politikk!

Spørsmål 1: Når kjem justisminister Anders Anundsen til gå av?

a)    Aldri
b)    Aldri, men dei kjem aldri til å slutte mase om det
c)     No snart

Spørsmål 2: Kor interessert er du i informasjonsplikta, eigentlig, viss du kjenner skikkelig godt etter?

a)    Bittelitt
b)    Minimalt
c)     Informa.. hæ?

Spørsmål 3: Kor stor oppslutning fekk FrP på den siste meiningsmålinga du høyrde om?

a)    1%
b)    1/2%
c)     Dei skuldar 14%

Spørsmål 4: Kor stor del av det norske folket vil ha Jonas Gahr Støre som statsminister?

a)    98%
b)    103%
c)     90 000%

Spørsmål 5: Kor stor del av det norske folket vil ha Jonas Gahr Støre som statsminister i 2018, etter at han faktisk har vore statsminister ei stund?

a)    1%
b)    1/2%
c)     minus 12%

Kva heiter nestleiaren i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget?

a)    ?
b)    ?
c)     ??!?

Sport!

Han har ganske godt humør, men kor mange av vitsane til Per-Mathias Høgmo har du eigentlig forstått, viss du skal vere ærlig?

a)    Eit par
b)    Ingen
c)     Vitsar?

Kor ung er eigentlig Martin Ødegaard?

a)    Verdens yngste
b)    Tidenes yngste
c)     Yngst til å vere så god

Gler du deg eigentlig til tippeligasesongen, viss du kjenner etter?

a)    Ja
b)    Nei
c)     Veit ikkje

Sånn. Du får ti poeng for kvart rett svar. Eller hundre, om du synest du fortener det. Men då må du verkelig fortene det, altså. Gang poengsummen din med tolv, samanlikne deg med sidemannen og ver skikkelig fornøgd med deg sjølv. Og så: Lag mat eller gjer noko fornuftig. Ikkje verre sitt der og kop.


Først publisert i Aftenposten 4. april.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!