Prøv påske-quizane våre!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er du også ein av dei som berre må ha ei lang rekke påskenøtter på denne tida? Me har gjort det enkelt for deg, og samla saman dei beste quizane i ei sak, som du kan testa deg sjølv med i påskeferien.

Først av alt – veit du eigentleg kvifor me feirar påske? Og kvifor datoen for påsken er annleis kvart år?

Test deg sjølv i denne påskequizen!

Boka og filmen
I påskeferien er det mange som tek seg tid til å lesa, anten ein er på hytta eller i ein by som er tømt fordi alle andre reiser til sine hytter.

Likar du å lesa? Sjå kva du kan om desse norske forfattarane!

Det er vel heller ingen tvil om kva sjanger som er mest populær i overgangen mellom mars og april.

Test kva du kan om krim!

For deg som helst likar filmar, som gjerne er basert på bøker, kan du prøva denne quizen.

Og sidan me er inne på filmar – torer du å prøva denne quizen om skrekkfilm?

Sjå kva du kan!

Reisequiz
Mange nyttar påskeferien til å reisa litt – ikkje berre på hytta!

Kanskje reiser du til ein av desse nynorske stadene i verda?

Det er også mogleg å nytta ferien til å sjå litt meir av Noreg – men før du reiser må du ta denne quizen, og sjå kor mange kommuneslagord du kan.

LES OGSÅ: Dei beste tipsa for påsketuren

– Unnskyld, kva sa du eigentleg?
Om du først tek ein rundtur over heile landet, kjem du til å møta på eit hav av ulike dialektar. For å gi deg sjansen til å tørrtrena på dei, eller berre testa kva du kan forstå, har me laga fleire dialekt-quizar.

Du kan til dømes prøva deg på strilemål

Kva med Østfold-dialekten, som ofte blir brukt i parodiar?

Sognemålet blir også parodiert – men det kjem også høgt oppe på kåringane over dei flottaste dialektane. Skjønnar du sognemål?

Og til slutt, dialekten som regjerer i sjølve påskefjellet – Halling

LES OGSÅ: Her er kjendisane sine krimfavorittar