I mobilspelet Ingress må du sjølv ut i skogen for å spela.

Linda P. Løvik Stevenson, Møre
Linda P. Løvik Stevenson, Møre

Artikkelen var først i Møre

I Ingress nyttar det ikkje å sitje i sofaen med snacks og føtene høgt, her må du ut i verda og bevege på deg. Ingress er nemleg eit GPS- basert spel, der det overordna målet er å slå det andre laget, ved å eige mest mogleg område. På verdsbasis. Det er nesten som «Kongen på haugen». Og desse haugane du skal kontrollere, dei finst overalt. Til og med i Volda. Møre fekk vere med nokre av dei mest hardbarka lokale Ingresspelarane ut på oppdrag, og jammen fekk vi oss litt trim og frisk luft på kjøpet også.

LES OGSÅ: Dei beste tipsa til påsketuren

Krig om område
Sjå for deg at det er krig. Slik er det av og til i Volda. Ikkje slik krig du vanlegvis høyrer om i nyheitene, men ein virtuell ein. Til dagleg har det grøne laget (Enlightened) full kontroll i bygda, men innimellom kjem dei blå (Resistance) på besøk, og då vert det kamp om portalane, som er «haugane» ein skal kontrollere. For slik spelet fungerer, så er det om å gjere å eige flest mogleg av desse portalane, og linke dei saman til store grøne eller blå felt. Og det laget som dekkjer størst del av verda, dei leiar.

Mange fordelar
Tomas Paulsen er ein av dei som har spelt spelet lengst i Volda, og han ser mange fordelar ved å spele Ingress.
– Den største gevinsten er trimmen ein får ved å gå frå portal til portal, og så får ein stadig vekk sett nye område. Og kanskje legg ein merke til småting ein ikkje har sett før, seier han. Han budde sjølv i Lillehammer då bror hans overtalte han til å spele, og fortel at han i løpet av to veker speling der, i byen han nyleg hadde flytta til, så hadde han lært seg alle snarvegar og bakgater i byen.
– Eg fekk sett alt av skulpturar, kunstverk, museum og friluftsområde i byen, seier han. For desse punkta som du skal ha kontroll på, det må vere noko av allmenn interesse, og gjerne menneskelaga. Samlingsstader, turistattraksjonar, statuar og særeigne ting, vardar på fjelltoppar, fyrlykter og religiøse bygningar kan alle kvalifisere, og det er spelarane sjølve som sender inn forslag.

For å sjå spelet i eit litt større perspektiv, slik ser det ut i Europa. Foto: Skjermdump www.ingress.com/intel

LES OGSÅ: Når krig blir underhaldning

Ti gongar så kjekt med samarbeid
Etter eit par månader med spelet, forsto Tomas at det var eit sosialt aspekt ved det også.
– Eg byrja å chatte med folk, det førte til samarbeid og meir planlagt speling. Og plutseleg var alt ti gongar så kjekt, seier han. Tomas er på det grøne laget, populært kalla froskar, og går under agentnamnet «Vemiz» når han spelar. Og i Volda har han mellom anna fått med seg «Dinosaurora», «Raweo» og «Drillpiken» på laget. Men han kunne ynskje at fleire hengte seg på. Han er veldig klar på at dei må velje akkurat det laget dei ynskjer, men har likevel ei lita utfordring.
– Blå spelarar, bring it! Eg er klar, smiler han.

Vil på Rotsethornet
Tomas har reist litt med Ingress, og har mellom anna vore i Oslo på samling for begge lag, i regi av Google, som har laga spelet. Han har også vore på internasjonal «turnering» i Bergen, der om lag 100 spelarar frå kvar side møttest til kamp. I tillegg har han totalt vore innom 1474 forskjellige portalar i Noreg, hovudsakleg i dei store byane, rundt Lillehammer og opp og ned Gudbrandsdalen. Han har erobra nesten heile Sunnmøre, Molde og Kristiansund. Og får han seg ein tur til Indre Romsdal og Indre Sunnmøre, så har han teke heile fylket. Han meiner det finst to typar Ingresspelarar. Det er dei som berre brukar bil, og dei ein stort sett ser til fots. Han sjølv prøvar å gå mest mogleg, og er supermotivert for å trene. Eit av måla hans er å kome seg opp på Rotsethornet, der han sjølvsagt også ynskjer å lage ein portal.

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel

Erobra Padda
Tidlegare denne veka fekk underteikna vere med «Vemiz», «Dinosaurora», «Raweo» og «Drillpiken» ut på oppdrag. Dei skulle då gjenerobre Padda inne i Austefjorden, som ein smurf (ein frå det blå laget) hadde teke over. Sjølv om dei kallar kvarandre froskar og smurfar, så har dei fleste spelarane ein god tone, uavhengig av lag, og ifølgje desse spelarane så er det ikkje uvanleg med sosiale treff på tvers av laga.

Mange lokale portalar
I kort gangavstand frå Volda sentrum kan du finne om lag 15 portalar. Mellom anna kan du besøkje bautaen ved kyrkja, kyrkja, Egget i parken, statuen utanfor gamlebanken, minnesmerket for Ola Krumsvik, fontena ved ferjekaia og Volda bedehus. For å finne fram til desse punkta, bevegar du deg etter Google Maps, og får direksjonar på skjermen. Nokre meiner det kan minne om Geocaching, men med litt meir speling enn å berre finne punkta. Ein må ta over desse punkta ved å vere innanfor ein radius på 40 meter, og så linke dei saman for å dekkje mest mogleg av området. Når du først startar spelet, får du velje kva lag du vil vere med, du kan då velje Resistance som er det blå laget, eller Enlightened som er det grøne laget.

Dersom du vil spele, må du finne fram mobilen og laste ned Ingress- appen, anten for Android eller iOS. Underteikna har vorte hekta, og kan gå god for underhaldningsverdien.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE