Catharina Michelle (16) meiner reklame og sosiale medium skaper eit forvridd syn på menneskekroppen.

Anna Sofie Ekeland Valvatne, Sunnhordland
Anna Sofie Ekeland Valvatne, Sunnhordland

– Moteindustrien er verstingar, alle er sjukleg tynne! fortel Catharina Michelle Abelsen.

Det handlar om kroppspress på både gutar og jenter.

16-åringen frå Litlabø er lei av det forvridde synet på menneskekroppen, då spesielt på kvinner og jenter.

– Eg meiner jenter får eit større kroppsleg press på seg av ting som reklame og gjennom sosiale media. Det er eit stort treningspress. Alle skal ha den perfekte kroppen med «gap» mellom beina. Eg blir rett og slett dårleg av å tenkja på det.

Press i det skjulte

Abelsen meiner det òg er press på gutar, men at det er meir skjult. Ho fortel om bilete ho har sett på det sosiale mediet Instagram, der det står at «den perfekte guten for meg er høg, mørk og muskuløs».

– Reklame skaper press på oss ungdomar. Om me ikkje føler presset direkte frå reklamen med ho flotte og perfekte jenta som skal ha oss til å kjøpa treningsutstyr, kjenner med det på kroppen likevel, fortel ho.

I garderoben etter gym plar jentene i klassen til Catharina Michelle å snakka om trening og kropp. Ofte går temaet inn på kvar enkelt av jentene.

– Når jentene i klassen som er mykje tynnare enn meg seier at dei har kjempetjukke lår, får det meg sjølvsagt til å bli meir usikker på meg sjølv.

Storleik xs er som regel den minste storleiken på klede i butikkane, medan modellane ofte er endå tynnare enn som så.

Størrelse xxs

Då Catharina Michelle hadde arbeidsveke i 10. klasse jobba ho på Lindex. Ho vart sjokkert over det ho oppdaga.

– Me skulle kle på mannekengane etter eit oppsett me hadde fått frå Lindex sentralt, men ingen av kleda passa.

Fem på gata: Dette meiner unge om eteforstyrring

Kleda Abelsen og dei andre tilsette på butikken prøvde å få på mannekengane var ikkje for små, men for store.

– Det viste seg at alle utstillingsdokkene på butikken, og sikkert i andre butikkar òg, var i storleik xxs. Kleda passa ikkje, me måtte vera kreative, noko som ikkje var lett.

Dei tilsette fortalde Abelsen at når slike ting skjedde, noko det ofte gjorde, måtte dei leita i butikken etter noko som var tettsitjande, men som òg såg ut som det som var på biletet.

– Eg var heilt sjokkert! Det opna verkeleg augo mine for korleis samfunnet har utvikla seg, fortel ho.

Byrjar i ein ung alder

Sekstenåringen fortel at ho ser små jenter som bruker sminke, og er opptekne av kven som har størst pupper. Dette uroar ho, men ho har ei løysing.

– Eg trur ting som å laga Barbie-dokker og Disney-prinsesser meir realistiske i forma, kan vera ein god ting. Ein må starta med dei små, for realiteten er at kroppspresset rammar folk i alle aldrar, seier ho.

LES OGSÅ:– Det viktigaste ein kan gi ungdom

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE