Dopingekspert Jan de Lange åtvarar mot dop forkledd som vitaminer, mineralar og kosttilskott.

Grethe Hopland Ravn, Grannar
Grethe Hopland Ravn, Grannar

Saka var først publisert i Grannar.

– Ikkje ver så naive og tru at dop som kan gjera deg sterkare, flottare, tynnare, brunare, ikkje kan bli tilbydd deg. Det er truleg allereie her, men då blir det nok ikkje kalla dop, men vitaminer, mineralar, kosttilskott og liknande, byrja Jan de Lange som er føredragshaldar i Antidoping Norge.

Dermed fekk han allereie frå start sett ein støkk elevane som tysdag fylte nesten heile kinosalen på Skakkesenteret i Etne.

Jan de Lange har åtte års utdanning innan idrettsmedisin, han er ein dyktig føredragshaldar med stor kompetanse innan sitt felt og var derfor eit førsteval når SLT-koordinator Liv Ellen Ebne og folkehelseinspirator Elisabeth Kallevik Nesheim i samarbeid med Lions, Frisk Treningssenter og Etne kommune inviterte til heile tre rundar temaføredrag med de Lange. Først for elevane på Lundeneset vgs, så for 10.klassingar ved Enge skule saman med vgs-elevar frå Ølen og Etne. Og på kvelden blei same føredrag halde for rundt 40 foreldre, idrettsleiarar, bedrifter og for alle som måtte ønskja å få det med seg.

LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspengane

Hjelp i forkant
Bergensaren Jan de Lange studerte idrettsmedisin i USA og skreiv masteroppgåve om biverknadar frå bruk av anabole steroider. Han fortel elevane som høyrer på, om korleis det var å jobba med folk som hadde fått uopprettelege skadar etter bruk av såkalla idrettsdop.

 Det var frustrerande å ikkje kunne hjelpa dei som kom til meg, for stort sett måtte eg berre tilvisa dei til psykiatrisk avdeling eller til sjukehuset fordi skadane dei hadde påført seg sjølve med bruk av doping, var så store at eg ikkje kunne hjelpa dei, sa Lange og la til at han derfor bestemte seg for å hjelpa folk slik at dei aldri tok steget med å setja den aller første sprøyta.

Jan de Lange fortel elevane engasjert om kor farleg det er å bruka dop. Han fortel om skremmande ting som kan skje med kroppen, med sinnet og om varige mein som brukarar av doping må leva med resten av livet.

 Konsekvensane ved bruk av anabole steroider er nyresvikt, leversvikt, ufruktbarheit hos både menn og kvinner, psykiske og langvarige nedturar, menn kan utvikla kvinnelege bryst på grunn av redusert produksjon av testosteron. Produksjonen av sædceller blir slått i svime, «spretten i strutsen» forsvinn og for kvinner som brukar dop vil dei utvikla mannlege kjenneteikn som skjeggvekst og djupare røyst. Og dette er ikkje problem som ordnar seg sjølv igjen om ein sluttar å bruka dop. Dette er varige skadar, seier Lange.

Han når dei fleste elevane. Han har eit bodskap som både skremmer og gir dei ein vekkjar.

LES OGSÅ: Stortinget debatterer kriminalisering av doping

Utsjånad og prestasjon
 Kva er grunnane til at folk dopar seg? spør han elevane, men elevane overlet heller opplysningsplikta til Lange.

Han opplyser at det store fokuset på den perfekte kropp, på utsjånaden, på jaget etter å bli meir populær, sterkare, flinkare, meir ettertrakta, er blitt overveldande for dagens ungdom. Det same er krava til prestasjon i både skulefag og idrett.

 Ikkje ta snarvegen! Det første steg på vegen til doping er kosttilskot, og ikkje ein einaste av dykk i denne sal treng det. Det einaste eg kan gå med på er at jenter treng jerntilskot ein gong i månaden, og oss bergensarar treng vitamin D mellom oktober og april, sa han tydeleg til elevane. Og for å gi eit eksempel på at ein kan bli svært god utan noko tilskot, fortel han om Olav Tufte som trenar åtte timar kvar einaste dag, utan å ta noko som helst form for tilskot.

 Det finnest inga lukke som kjem utanfrå og inn. Den ekte lukka kjem innanfrå og ut, seier han.

Elevane fekk også høyra om dopbestillingar på nett som er livsfarlege, om laboratorium som eksisterer i verkstader, kjellarar og liknande plassar, om manglande hygiene og at ein aldri kan vera sikker på at det ein bestiller på nett, faktisk er det du trur det er. Det er farleg, understrekar Lange.

Fekk noko å tenkja på
Simen Øvrevik, Gunnar Mæland, Erlend Eidhammer Lunde, Sondre Hetleflåt Bråthen, Dennis Solberg Løyning og Bjarte Grindheim er seks tiandeklassingar som så mange andre har fått nytt å tenkja på. Dei er alle einige om at dei tar sterk avstand frå idrettsdop, men er einige med Lange i at det er naivt å tru at slikt ikkje eksisterer på bygda.

 Eg blei svært overraska over at det er så farleg å bestilla vitaminer på nett, seier Øvrevik.

Dei synest også det er skremmande å høyra om kor langt folk vil gå berre for å tena pengar, for ikkje å snakka om kor langt folk vil gå berre for å ta seg litt betre ut.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE