Sci-fi sjarmerte publikum og dans traff best hos juryen. Desse filmane vann under Sogndal Filmfestival.

Faktaboks

Desse vann pris under Sogndal Filmfestival:

Juniorprisen (under 15 år): «TV-venner» av Daniel, Marit, Marte og Vegar

Beste dokumentar (under 19 år): «Vegen til Jordalen» av Cecilie Skogheim

Beste sportsfilm: «Downhill» av Jonas Flaten og Thomas Alme Matre

Seniorprisen: «Spindelvev» av Anne og Berit Einemo Frøysland

Beste etterarbeid: «The Chosen One» av Gjest Ingeson Kvåle

Beste regi og manus: «Feit klubb» av Asbjørn Lote

Fagjuryprisen: «Spindelvev» av Anna og Berit Einemo Frøysland

Publikumsprisen: «The Chosen One» av Gjest Ingeson Kvåle

LES FAKTALUKK FAKTA

Sogndal Filmfestival vart arrangert for tiande gong av elevar på medielinja på Sogndal Vidaregåande skule. Måndag kveld vart det arrangert ein gallamiddag og prisutdeling, der unge filmskaparar på Vestlandet vart heidra.

LES OGSÅ: Skapar filmmiljø for unge i vest

Den største prisen var nok publikumsprisen. Etter avstemming på sidene til NRK Sogn og Fjordane var det til slutt 15-åringen Gjest Ingeson Kvåle for Sci-fi-filmen «The Chosen One».

– Eg hadde håpa på det, men det er ikkje noko du kan venta. Det kjennest herleg ut, sa Kvåle til NRK Sogn og Fjordane. Av 1910 røyster fekk 15-åringen 500, som var nok til å hamna heilt øvst, ifølgje NRK.

Men Publikumsprisen var ikkje nok for det unge talentet – han tok også med seg prisen for beste etterarbeid frå juryen.

– Eit fiksjonsdrama av dette kaliberet kan være vanskeleg å fortelja, skriv juryen i si grunngjeving, og gir skryt til Kvåle for god bruk av effektar og stilsikker lyd og musikk.

Fagjurypris til Spindelvev
Juryen sine utvalde vinnarar vart to søstrer frå Lærdal. Anna og Berit Einemo Frøysland fekk også Seniorprisen, i klassen for dei over 19 år.

– Fagprisen går i år til ein film som gjennom å kombinera skodespelarkunst og godt gjennomarbeida filmhandverk gir oss ei visuelt sterk historie. Eit spanande manus er følgd opp med nydeleg foto, presis klipping, og enkle men effektive dramaturgiske grep. Med stram regi tek skodespelarane oss med gjennom ei historie som byr både på uventa vendingar og rom for refleksjon. Ein vakker film. Juryen sin fagpris 2015 går til filmen ”Spindelvev” av og med søstrene Anna og Berit Einemo Frøysland, skriv juryen i si grunngjeving.

LES OGSÅ: Berit Einemo Frøysland vann også Fridthiov Oos’ legat – sjå kven andre som har vunne det

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE