Ferjefri E39 på Vestlandet skulle koste 150 milliardar, men er no oppe i 268 milliardar kroner. Natur og Ungdom meiner prosjektet bør droppast.

mm

– Både frå eit ressurs- og eit klimaperspektiv er dette galskap. Ferjefri E39 har endt opp som eit gigantomaniprosjekt utan like, seier nestleiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Vil tena milliardar på ferjefri E39

Nesten dobbel pris
Eiterjord reagerer på dei nye tala frå Statens vegvesen som syner at ferjefri E39, med sine sju bruer kan få ein prislapp på 268 milliardar.

For to år sidan skulle prosjektet koste 150 milliardar og vere ferdig i løpet av 20 år.

Høgare vegstandard mellom bruene, moms, usikre brukalkylar og prisvekst på anleggsarbeid er faktorane som får skulda for den store budsjettsprekken.

LES OGSÅ: Ferjefritt og frykteleg dyrt

– Hårreisande høg sum
Nestleiaren i Natur og Ungdom reagerer på at store budsjettmidlar vert låst i eit prosjekt som legg til rette for meir bilkøyring, samstundes som Noreg skal kutte utslepp med 40 prosent innan 2020.

– 150 milliardar var ein hårreisande høg sum å betale for svære utslepp av klimagassar og svære naturinngrep. 268 milliardar blir det nesten komisk, meiner Eiterjord.

Òg talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, er svært kritisk til prosjektet.

– Det kjem til å støvsuge samferdslebudsjetta og vere direkte til hinder for kollektivløysingane som også er lova. Heile prosjektet er eit stjerneeksempel på utdatert samferdslepolitikk, seier stortingsrepresentanten til NRK Sogn og Fjordane.

Prosjektet har brei støtte på Vestlandet og av stortingspartia er det berre SV og MDG som ikkje har støtta utbygginga.  

LES OGSÅ: Hamnar i bakevja med ferjefri E39

Utfordrar Vestlandspolitikarane
Gaute Eiterjord i Natur og Ungdom er uroa for kva ferjefri E39 vil ha å seie for byplanlegging og pendling på Vestlandet. Han meiner politikarane no må svare for om dei vil ta trafikk- og klimautfordringane på alvor.

– Næringsforeingane og politikarane på Vestlandet burde heller vere opptatt av å styrke dei lokale regionssentra. Dei vestlandske kvalitetane ein finn i byar og bygder langs kysten vil forsvinne om alle skal farte til storbyane kvar dag. Viss dei vil ha ned utsleppa og hindre trafikk-infarkt kan dei ikkje bygge ut ferjefri E39. Det blir også komisk om dei nå vil fortsetje å seie at dei ikkje har pengar å bruke på kollektivtransport, avsluttar nestleiaren i NU.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE