Gratulerer med poesidagen!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tykkjer det er fint å nytta dagen til å tenkja over kva poesi er for noko, kva plass den har. Som dikt, songlyrikk, salmar, prologar, hustavler, rap og slikt. Les eit dikt og la det sige inn. Skriv eit dikt og legg det inn i Diktkammeret, seier poeten Helge Torvund.

Sjølv skal han markera dagen med diktlesing frå den siste boka si på Sølvberget i Stavanger.

LES OGSÅ: «Ikkje tru på alt du tenkjer» – om dodørspoesien

Ikkje feil
– Eg tykkjer det er fint at den finst, og at den vert markert, seier Torvund vidare.

– Men for mange går den nok hus forbi, slik pannekakedagen nok òg gjorde for mange nyleg, legg han til.

Torvund meiner poesien fungerer best som ein pustepause i kvardagen – og difor finst det ingen rett eller feil måte å nyta poesi på.

– Det fine med poesi er nok først og fremst at den er ein pause frå all nyttetenking. Men poesien er ein underleg ein. Så brått som ein slappar av og berre nyt, så har ein likevel tenkt ein ny tanke, seier poeten.

– Kva er ein god måte å nyta poesi på?

– Det kjem heilt an på kva slags poesi det er. Men det å setja av tid og gje seg lov til å koma i ein mottakeleg tilstand, er aldri feil.

LES OGSÅ: Nynorsk skriveglede på Twitter

Like gamalt som mennesket
Det er UNESCO som står bak Verdas poesidag, og slik har det vore sidan første gong dagen vart markert i 1999. Dagen blir markert 21. mars kvart år.

– Poesi er like gamalt som menneskjeheita, og like variert, skriv Generaldirektør i UNESCO Irina Bokova i årets melding i høve dagen.

– I usikre og turbulente tider har me kanskje eit større behov for poesien for å bringa menn og kvinner saman, for å skapa nye dialogar, og å gi næring til kreativiteten alle samfunn treng i dag, skriv ho vidare.

LES OGSÅ: Poesi i bloggform

Prikken over i-en
Også i Oslo skal Poesidagen markerast av Oslo poesisentrum på Deichmanske bibliotek. Dit skal blant andre stipendiat, forfattar og Framtida-skribent Kristina Leganger Iversen.

– Poesi er alltid fint. Poesi er prikken over i-en, marsipanen på kaka, smøret på brødskiva og blodet i splatterfilmane, seier ho entusiastisk.

– Kvar dag burde vera ein poesidag, men det er det jo ikkje, diverre. For i desse hektiske, rare liva våre gløymer me stadig vekk å gjera alt dette som gjer livet verd å leva medan me spring mellom arbeid, shopping, trening og familie, me pustar og pesar og lurer på om me er gode nok. Me er gode nok, då bør ein heller feire alt det deilige i verda, og då er det ingenting betre enn å feira poesien, held ho fram.

Sjølv skal ho høyra og lesa mykje poesi på sjølve dagen – og har ein del tips til korleis du kan nyta dagen på ein god måte.

– Les, skriv og del! Mona Høvring si «Heilt vanlige mirakler» Nora Simonhjell si «Slaktarmøte» og Pedro Carmona-Alvares sin «Prinsens gate» er alle saftige bøker som var viktige då eg starta å lesa poesi, trekk ho fram som nokre tips.

Ho peikar og ut «Coueur de Lion» av Ariana Reines, gjendikta av Anna Kleiva, og «Kjærligheten er den Ting» av Håkon Øvreås som heite tips.

Les ute!
– Eg såg på vêrmeldinga på Yr.no, og det er meldt sol på laurdag i nesten heile Sør-Noreg. Alle veit at når det er sol i mars, så finst det ingenting betre enn å lesa ute. Diktbøker er heldigvis ofte tynne og fine, og lette å ta med seg ut, seier Leganger Iversen.

– Får denne dagen nok merksemd?

– Me er så opptekne av merksemd for tida, samstundes som me er ekstremt lite merksame av oss. Me ser alle helst i same retning, i ein individualistisk prestasjonskultur er det ofte berre oss sjølv me ser og samanliknar oss med. Poesien er ofte motsett: Merksam mot det me ikkje er merksame mot, i verda eller i språket. Derfor kan han krypa under huda vår, overraska, sjokkera eller mora oss, seier Kristina Leganger Iversen.

Korleis skal du markera dagen?

QUIZ: Kva veit du om Olav H. Hauge?