Lagar jubileumsteater i Baroniet

Slottet rundar 350 år og i den samanhengen har Karina Opdal laga teaterstykket «En kjærlig hilsen», som får premiere 30. juli.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Set opp jubileumsteater

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

Skodespel og musikk skal framførast av denne gjengen: Endre Hellestveit frå Rosendal, Gunhild Aubert Opdal frå Seimsfoss, Steinar Sande frå Handeland, Silje Haugan frå Valen, Siren Jørgensen frå Stord og Karina Opdal frå Sunde. Totalt vil teaterstykket bli vist seks gonger i sommar og målet er at det skal framførast årleg.

– Det blir ei musikalsk førestelling med leik og alvor, lovar Karina Opdal som har jobba med stykket i halvtanna år, innimellom andre oppdrag.

Måndag var Opdal og dramaturg Marte Boge, begge busette i Bergen, ein tur innom baroniet i samband med førebuingane av teaterstykket. Ikkje minst ein nyoppussa borggard-fasade vart nøye studert – det er nemleg i borggarden stykket skal framførast.

Karina Opdal har etter kvart ein solid CV som frilans teaterregissør og -instruktør.

– Og no har du skrive manus også?

– Ja, det har eg ikkje gjort før – det er nytt og spennande. «En kjærlig hilsen» er i grunnen eit bestillingsverk. Anne Grete Honerød og Reidar Nedrebø ønskte at eg skulle laga eit jubileumsstykke med utgangspunkt i ein spennande periode i Baroniet Rosendal si historie, forklarar Opdal.

Stykket vil høva for alle frå skulealder og oppover. Innhaldet er direkte knytt til baroniet si historie frå 1830–1850.

– Det er ein spennande periode i baroniet. Då budde familien Hoff-Rosencrone her: Far, mor og fem born, fortel Opdal.