Høgskolen Stord/Haugesund og Universitetet i Stavanger vil jobba mot ein fusjonsavtale i 2016.

mm

– Det er ei utruleg spanande tid me går inn i. For oss er det viktig at me har tre levande campusar, seier styreleiar og rektor ved HSH, Liv Reidun Grimstvedt, til Framtida.

avtalen som i dag vart einstemmig vedteken tek Høgskulen Stord/Haugesund (HSH) og Universitetet i Stavanger (UiS) sikte på å få til ein fusjonsavtale 01.01.2016, fordi begge institusjonane har styreperiodar som går ut då.

LES OGSÅ: Slik kan Vestlandsuniversitetet bli

Rett på sak
Grimstvedt forklarar til Framtida at dei ser for seg ein fusjon i fasar. Første steg er å møta Kunnskapsdepartementet for å få avklart dei juridiske rammene, neste steg er å utarbeida ein plattform for fusjon, som skal leggjast fram for styra i juni.

I tillegg til levande campusar er HSH oppteken av å sikra lokale styringsmoglegheiter slik at ein får rett utdanning til rett tid og at alle tilsette har like moglegheiter til kompetanseheving.

Høgskulen vil gjennomføra ein høyringsrunde for å få innspel til desse og andre utfordringar ved fusjonsplanane.

– Må verte større
Rektor Grimstvedt gler seg til arbeidet og er oppteken av at fusjonen kan gjera dei betre rusta for framtida og framtidas konkurranse.

– Me ser at faktorar rundt oss endrar seg slik at ein må verte større einingar, slik kan me få både breidd og djupne, seier Grimstvedt, som òg ser nokre utfordringar framover.  

Spørsmåla om korleis eit framtidig vestlandsuniversitet skal organiserast, kva som skal liggje kor og ikkje minst kva barnet skal heite, er berre nokre av spørsmåla som må ha svar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE