«Ein stor og naiv entusiasme»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tek oppgjer med ikt i skulen

 Saka var først publisert i Dag og Tid.

– Eg meiner det har vore ein stor og litt naiv politisk entusiasme for IKT i norsk skule dei seinaste tiåra, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Dag og Tid.

Det statsråden seier, er eit tydeleg brot med lina til for­­gjenga­rane hans. Noreg har satsa meir enn dei aller fleste land i verda på såkalla informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i skulen. Noreg er i verdstoppen når det gjeld talet på datamaskiner i høve til elevtalet.

Bak dette ligg det brei politisk semje. Som Dag og Tid skreiv sist veke: I snart tretti år har norske utdanningsministrar vore eintydig entusiastiske til meir IKT i skulen. «IKT vil revolusjonere skulen», sa Trond Giske.

«Norske skular må bruke sosiale medium mest mogleg», meinte Kristin Halvorsen. Men entusiasmen har ikkje vore bygd på studiar som viste at meir IKT-bruk gjev betre læring. Og det poenget har den sitjande kunnskapsministeren teke til seg.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

«Moderne»
– Det er vanskeleg å finne god forsking som klart syner at digitale verktøy gjer at elevane lærer meir, seier Isaksen.

– For mykje av IKT-tenkinga har vore prega av eit ønske om å vere «moderne». Eg såg at ein fylkesordførar nyleg erklærte sin visjon om «den papirfrie skulen» der alt var digitalt. Men vi må alltid stille spørsmål ved nye tiltak: Innfører vi dei fordi det vil få elevane til å lære meir, eller for å vere «moderne»?

Torbjørn Røe Isaksen strekar under at IKT har sin plass i skulen, ikkje minst som naudsynt førebuing til yrkeslivet.

– IKT er ein naturleg del av kvardagen, og det vil òg prege skulen. I dag skriv vi meir på PC enn for hand og brukar nettet som oppslagsverk. Alle treng å lære seg å bruke digitale reiskapar. Men det vanskelege spørsmålet er om elevane lærer meir også i andre fag ved hjelp av IKT. Lærer vi meir matematikk eller norsk med digitale verktøy? Det er ikkje eintydig forsking som tyder på at det er veldig vellukka, seier Isaksen.

– Men det er mykje som tyder på at variert undervisning gjer at elevar lærer meir, og der kan IKT vere eit nyttig bidrag. Det er ikkje det same som ei ukritisk haldning til stadig fleire digitale verktøy i skulen.

LES OGSÅ: Norske elevar nest best i data

Lite gjennomtenkt
– Sidan vi veit så lite om korleis IKT-bruk påverkar læringa, må dei store datainvesteringane i skulen dei siste tiåra ha vore gjorde på svært tynt grunnlag?

– Svært mykje av IKT-satsinga har vore forsøk på å følgje med i tida. Eg var sjølv eit barn av Reform 94 og kan i det minste takke Gudmund Hernes for at eg lærde touch-metoden. Men da PC-bølgja kom i 90-åra, var alle opptekne av å få flest mogleg datamaskiner inn i skulen. Det vart tenkt lite på korleis dette skulle få elevane til å lære meir, eller kva kunnskapar lærarane trong for å få nytte av utstyret.

LES OGSÅ: Dårleg personvern i skulen

Innskjerping
Senter for IKT i utdanninga har eit hovudansvar for å gje råd om bruk av IKT i norsk skule. Senteret har fått ein god del kritikk for å vere eintydig positive til meir bruk av digitale læremiddel, utan å leggje vekt på moglege negative utslag.

Torbjørn Røe Isaksen påpeikar at han har stramma inn oppdraget til senteret etter at han tok over som kunnskapsminister.

– Eg har skjerpa mandatet til Senter for IKT i utdanninga og streka under at dei òg har som oppgåve å åtvare mot dårleg bruk av IKT i skulen.

– I den offentlege debatten har eg aldri sett talspersonane frå senteret framheve nokon ulemper ved IKT-bruk?

– I tildelingsbrevet til senteret for 2015 innskjerpa eg dette poenget, og eg forventar at det blir etterlevd. Senter for IKT i utdanninga skal presentere eit balansert bilete. Det er oppdraget deira, som dei får 90 millionar kroner i året for å oppfylle. Det er viktig at senteret ikkje blir berre ein ukritisk heiagjeng for meir bruk av digitale verktøy.

LES OGSÅ: Stadig fleire får tilbod om digital eksamen

Vrient omgrep
I Kristin Clemets tid som utdanningsminister vart «digital kompetanse» opphøgd til ei grunnleggjande ferdigheit i skulen, på line med det å lese, skrive og rekne. Dette har fått store konsekvensar for seinare læreplanarbeid i skulen: Det vart eit mål å bruke IKT overalt der det kunne nyttast i andre fag.

– Noreg er – etter det eg veit – det einaste landet som har gjeve «digital kompetanse» ein så høg status. Var det eit fornuftig tiltak?

– Eg er usikker på om Noreg er det einaste landet, men vi var i alle fall først. Og eg meiner det var fornuftig som eit svar på ei stor endring av kvardagen vår. Digitale verktøy er ein sentral del av liva våre no, seier Isaksen.

– Men det har vist seg problematisk å fylle «digital kompetanse» med innhald. I sektoren vart det oppfatta som ein marsj­ordre til å bruke digitale verktøy i alle samanhengar, men omgrepet har vist seg vanskeleg å handtere og omsetje i praksis. Vi kan teste nivået i lesing og rekning, men det er vanskelegare å teste digital kompetanse.

– Om omgrepet «digital kompetanse» er vanskeleg å definere og bruke, tyder vel det på at tenkinga bak var ganske uklar?

– Eller det kan tyde på at det var ei dårleg gjennomføring da omgrepet skulle takast i bruk i praksis ute i sektoren. Men eg brukar ikkje mykje tid på å gruble over dette. No er digital kompetanse innarbeidd som ei grunnleggjande ferdigheit i skulen. Og det er ikkje aktuelt å ta det ut.

LES OGSÅ: Ønskjer klare pc-reglar

Inga erstatning
– På 1990-talet overlappa trua på IKT med trua på den autonome eleven, ein skule der læraren var berre ein rådgjevar. Den tenkinga er no diskreditert, men trua på digitale læremiddel som velsigning har hange ved lenger?

– Ideen om eleven som åleine har ansvaret for eiga læring, har vi heldigvis lagt bak oss. Men dei digitale verktøya er òg samarbeidsverktøy. Og dei er nyttige om dei blir brukte på rette måten. Dei beste digitale skuleverktøya er ikkje baserte på at eleven sit åleine med eit dataprogram. IKT-verktøya kan aldri erstatte ein god faglærar.

LES OGSÅ: Den digitale skulen er nær

Skeptisk
Finland blir ofte framheva som eit førebilete på skulefeltet, på grunn av gode resultat i internasjonale testar som PISA. Og den finske skulen har lagt mykje mindre vekt på bruk av IKT i undervisninga enn den norske.

– Det treng ikkje vere nokon årsakssamanheng der, men det kan tyde på at gammaldagse undervisningsmetodar gjev vel så effektiv læring som digitale verktøy?

– Det er nok andre grunnar til at Finland har gjort det bra. Men det du påpeikar, er påfallande. Eit anna døme: I haust var eg på besøk i delstaten Ontario i Canada, der skulesystemet har blitt kraftig forbetra dei seinaste åra. Skulen eg besøkte, hadde nedslite IKT-utstyr som minte meg om Porsgrunn vidaregåande på 1990-talet. Men skuleresultata deira var framifrå. Igjen: Det er ingenting i forskinga som tyder på at auka bruk av IKT i seg sjølv gjev betre læring, seier Torbjørn Røe Isaksen.

– Eg er skeptisk til alle stemningsbølgjer for ny teknologi, når folk seier: «Alle skuleelevar må få nettbrett» eller «alle barn i barnehagen må få iPad». Slike reiskapar kan vere heilt fine og nyttige, om det er ein klar tanke og eit opplegg rundt dei. Men eg er frykteleg skeptisk til slik teknologientusiasme som generell politikk.