Fryktar for lesetilbod for 200.000

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lesesatsing i skulen var eit tema i Stortinget sin spørjetime på onsdag, og kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) svara på spørsmål om kva retning satsinga skulle ta vidare. Foreningen !les, som jobbar for auka leseevner i skulen, er ikkje inkludert i Kunnskapsdepartementet sin Lesestrategi for 2015-2019. Det vart eit tema under spørjetimen, og no syner dei si misnøye med eit lite avklarande svar i ei pressemelding.

– Våre prosjekt er godt etablert i skulen, og har vore ein del av ulike lesestrategiar sidan Kristin Clemet lanserte «Gi rom for lesing» i 2003. Me er veldig begeistra som me blir tatt ut no, seier dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner.

Tilboda ho snakkar om er Ungdommens kritikarpris, tXt-aksjonen, Faktafyk, Rein tekst og Bokslukarprisen.

LES OGSÅ: Eira (15) meiner norsk ungdom må lesa meir

Bekreftar ingenting
Det er ingen garanti for at desse tilboda forsvinn, sjølv om det er det Foreningen !les no fryktar. Men det er heller ingen garanti for at dei held fram.

Her er eit utdrag frå svaret til kunnskapsministeren frå spørjetimen onsdag.

«Staten kan ikkje vera garantist for midlar til ulike organisasjonar. Når det er sagt, vil eg nytta høvet til å minna om at Kunnskapsdepartementet har to tilskotsordningar som har som føremål å bidra med stønad til private og frivillige organisasjonar, og som foreiningar kan søka om midlar frå. Foreningen !les kan sjølvsagt også søka om midlar derifrå».

Foreningen !les er finansiert av eit samarbeid mellom statsstønad og næringslivet, og vil få store problem med å halda på tilboda sine om dei ikkje får stønad frå Kunnskapsdepartementet i åra som kjem.

– Me veit enno ikkje kva tiltak kunnskapsministeren vil erstatta desse med, men det er vanskeleg å sjå at dei skal få på plass noko til skulestart 2015, seier leiar Wanda Voldner.

LES OGSÅ: Aukar talet på nynorske lettlestbøker