Positive til politireforma
17 av 27 politimeistrar svarar at dei er positive eller delvis positive til den nye politireforma.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Positive til politireforma
Politimeister Rita Kilvær i Telemark er ein av dei, skriv NRK, som har snakka med politimeistrane.
LES OGSÅ: Semje om kraftige politi-kutt
– Vi smør dei ressursane vi har i dag veldig tynt utover. Vi har behov for å bli sterkare og meir slagkraftige på veldig kompliserte kriminalitetsområde, seier ho.
Oppteljinga til NRK viser at tolv politimeistrar er positive til at dagens 27 politidistrikt skal bli til 12 i framtida. Fem politimeistrar svarar at dei er delvis positive, éin er negativ, tre har svart uklart, medan to ikkje har svart.
LES OGSÅ: Sju av ti fryktar terrorangrep i Noreg
Den einaste politimeisteren som har svart at han er negativ til reforma, er Ronny Iden i Sogn og Fjordane. Politidistriktet hans blir slått saman med Hordaland til «Vest politidistrikt».
Han vil heller ha ein fylkesmodell med 18 politidistrikt.
– Dessutan trur eg at vi i Sogn og Fjordane politidistrikt er best på å drive polititenester i Sogn og Fjordane fylke, seier han til kanalen. (©NPK)
LES OGSÅ: Våpeninstruksen for politiet blir endra