Norsk natur i hovudrolla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmregissør Henrik Martin Dahlsbakken (25) frå Hamar har gått mykje i fjellet i Rondane og Jotunheimen. Nå lar han naturen spela ei leiande rolle når han debuterer med sin fyrste spelefilm «Å vende tilbake».

Det er Ut.no som omtalar filmen.

27. februar kjem spelefilmen til norske kinoar landet over. Sjølv med namn som Ingar Helge Gimle på rollelista er regissøren heilt klar på at naturen spelar den viktigaste rolla i filmen.

– Rondane og Jotunheimen spelar ei like viktig rolle i filmen som det skodespelarane gjer, seier Dahlsbakken.

Klimakset i filmen finn stad i den gamle steinbua ved Leirvassbu. Regissøren brukte fleire månader på å finne den rette steinbua til filmen.

Filmen handlar om ein soldat som vender heim frå krigen i Afghanistan og dei to sønene hans.

– Hovudpersonane i filmen brukar naturen til å takle vanskelege kjensler og nærleik. I takt med naturen gjennomgår dei ei forandring frå dei startar i dei lune haustkledde skogane, til dei er oppe i den golde steinørkenen i Jotunheimen, fortel regissør Dahlsbakken til Ut.no.

I ei veke i strekk filma Dahlsbakken og hans team i pøsande regnver og sterk vind. Men så, den siste natta, rett før dei skulle filme klimakset i filmen, stilna veret og det byrja å snø.

– Det var utruleg og passa perfekt til dramaturgien i filmen. Vi kunne aldri oppnådd det same resultatet i studio eller ved bruk av digitale effektar. Det er det som er så magisk med å ha kulisser som lever. Ein må gje slipp og innrette seg etter naturens spelereglar, seier regissøren.  

Les saka i Fjuken! 

Sjå trailer for filmen i vindauga under: