Som mor og rullestolbrukar møter Camilla Stensletten mange fordommar. – Folk synest det er overraskande at eg klarer meg sjølv. Det overraskar meg!

Mona Grønningen, Kvinnheringen
Mona Grønningen, Kvinnheringen

Det første som møter oss er ei ytterdør på gløtt. Vi opnar døra forsiktig og kikar inn, og der kjem ein strålande blid lyshåra toåring springande imot oss med eit gira hyl og kastar seg rundt beina våre.

– Snakk om varm velkomst – for ein herleg og blid gut du har!

– Ja, det er eg heilt samd med deg i.

Camilla ler saman med Emil Aleksander, og inviterer Kvinnheringen inn i stova. Der er det lyst og triveleg. På veggen heng ein bildekollasj med fire bilde av mor og son. Vi dumpar ned i sofaen ved sida av Emil Aleksander, som vil visa oss eit spel på nettbrettet. Det er vanskeleg å ta augo frå ein så blid og engasjert kar.

– Eg er ikkje sjenert, men eg er ikkje så glad i å vera i media må eg innrømma, seier Camilla til oss. Ho har enno merksemda ho fekk etter brevet ho skreiv til statsminister Erna Solberg i oktober friskt i minne. Akkurat det skal vi koma tilbake til. Camilla forklarer at NRK også har spurd om å få koma heim til ho og laga reportasje. Det takka ho nei til, men heldigvis fekk Kvinnheringen ja i samband med denne spesielle morsdagsavisa.

Fødselsdepresjon
Camilla fortel om blanda kjensler då ho fann ut at ho var gravid. Ho hadde nett flytta heim til Kvinnherad igjen etter å ha studert i Trondheim, og var i eit avstandsforhold.

– Eg hadde litt blanda kjensler, for ein blir jo overraska når ein ikkje har planlagt å bli gravid. Men eg tenkte aldri at det ikkje kom til å gå bra. Emil var ikkje planlagt, men han var veldig ønska!

Etter kvart var Camilla ved godt mot og gledde seg til å bli mor. Ho ønskte seg ein vanleg fødsel, men fordi ho var litt stiv i hoftene fann ho og legen ut at ho skulle ta keisarsnitt. Ho fekk det innvilga, og skulle ta keisarsnitt i vaken tilstand på Stord.

– Alt var blitt nøye forklart  for meg korleis det skulle føregå, og eg hadde bestemt kven eg skulle ha med meg på sjukehuset. Eg hadde liksom alt klart i hovudet mitt.

Men svangerskapet gjekk ikkje heilt som planlagt. Camilla hadde veldig mykje morgonkvalme, og i femte månad fekk ho farleg høgt blodtrykk som førte til akutt svangerskapsforgifting. Ho blei sendt til Haugesund sjukehus og lagt i narkose, og klokka tre på natta blei babyen i magen hennar teke ut med keisarsnitt i all hast. Camilla fekk ikkje oppleva fødselen, og det synest ho var trist. Ho fekk ikkje sjå sonen før ho vakna frå narkosen.

– Fordi Emil var for tidleg fødd måtte eg vera 14 dagar på sjukehuset før eg fekk ta han med heim. Sjukehuset var ikkje tilrettelagt for rullestolbrukarar, og eg syntest ikkje det var noko god oppleving å vera der. Eg som var vand med å klara meg heilt sjølv, måtte ha hjelp til å komma meg på do, og det hata eg, minnast Camilla.

Så følgde ein tøff periode. Fordi ho var så sliten gjekk Camilla inn i ein fødselsdepresjon. Ho var så besett av å ta seg av den vesle guten sin som var for tidleg fødd, at ho sjølv gløymte å eta og sova. Heldigvis tok ei helsesøster tak i det, og Camilla blei på ny sendt til Haugesund sjukehus for behandling med elektrosjokkterapi i fire veker.

– For meg fungerte det heilt fantastisk. Eg blei heilt frisk igjen, og ein månad etterpå var alt bra. Eg hadde også fantastisk hjelp i familien min.

Trass i ein litt tøff start på Emil Aleksander sitt liv, både for han og mora, er Camilla fast bestemt på ein ting:

– Han er det beste som har skjedd meg.

På armen har ho tatovert namnet og fødselsdatoen til sonen.

Sjølvhjelpen
Camilla fortel om ein fin barndom. Ho vaks opp i Herøysund, og trur tvillingbroren er mykje av grunnen til at ho ikkje kjenner seg noko annleis enn andre.

– Det blei aldri gjort forskjell på meg og bror min, og eg følte meg heilt normal og som ungar flest då eg vaks opp. Bror min var målestokken eg strekte meg etter, alt han gjorde ville eg gjera. Og eg skulle gjera alt sjølv, utan hjelp.

Ho seier mange trur ho er lam sidan ho sit i rullestol, men det stemmer ikkje. Ho er fødd med Celebral Parese (CP).

– Dei fleste forbinder CP med at ein er veldig handikappa, men eg har ei mild form som eigentleg er ein fødselsskade fordi eg blei fødd 11 veker for tidleg. Eg er ikkje lam i beina, eg kan stå på dei, men dei er ikkje sterke nok til at eg kan gå. Eg er derimot veldig sterk i armane!

For dei som måtte lura har ikkje Camilla andre hjelpemiddel enn dei elektriske stolane sine, ein til innebruk og ein til utandørs bruk. No driv ho og tar billappen, og utanfor står bilen klar. Leilegheita hennar er på eitt plan for å gjera det litt enklare å koma seg fram i elektrisk stol. Ho er ikkje i jobb, sjølv om ho gjerne kunne tenkt seg det.

– Eg har søkt på mange jobbar, men som rullestolbrukar er eg jo ikkje førstevalet til ein arbeidsgivar.

Snudde regjeringa
Og slik kjem vi tilbake til brevet Camilla skreiv til Erna. Då regjeringa føreslo å kutta i barnetillegget i uføretrygda kunne det bety eit kutt på tusenvis av kroner i året for Camilla og andre i same situasjon. Det gjorde Camilla så sint at ho skreiv eit ope brev til statsministeren på Facebooksida hennar. Her er eit utdrag:

«Kjære Erna! Som rullestolbruker er boligmarkedet enda vanskeligere fordi vi må ha nyere boliger med livsløpsstandard, og de koster også mer. Eller, jeg har jo forstått at du mener at jeg bare skal ut å få meg en jobb for å dekke dette tapet. Jeg, Erna, har vært avhengig av rullestol hele livet, jeg har et medfødt handicap med funksjonsnedsettelse i beina, jeg kan ikke gå! Det går ikke plutselig over! Men jeg har faktisk aldri klaget på mitt liv på grunn av mitt handicap. Jeg prøver så godt jeg kan og jeg har klart det, jeg gjør alt i livet mitt selv uten hjelp fra assistent eller noen. Jeg flyttet ut da jeg var 19 år og har klart meg selv siden. Jeg har også fått en sønn som jeg er utrolig stolt av som jeg tar meg av alene.»

Camilla fekk massiv respons etter innlegget sitt. Dei største avisene skreiv om det, og sjølve innlegget på Facebooksida til Solberg blei delt over 3.500 gonger, fekk 25.000 «likes» og over tusen kommentarar. Og det er framleis ikkje slutt.

– Eg får enno eit par meldingar kvar dag, og ein del merkelige førespurnader. Eg er til dømes bedd på date, og om å komma til Stortinget. Nokon opnar seg til meg og fortel historia si. Det kan vera sterkt og rørande, men også litt ubehageleg.

Krf varsla omkamp om barnetillegget etter merksemda rundt saka, og til slutt snudde regjeringa.

– Eg skal jo ikkje ha æra for det resultatet, men eg er glad eg skreiv det innlegget og fekk litt fokus på saka. Det kjennest godt at eg kunne gjera ein forskjell.

Aldri mobba
– Eg trur den største forskjellen på å vera mamma i rullestol er at alle andre trur det er så annleis! Vi har ein normal kvardag og gjer alt det andre mødrer og barn gjer. Eg kan ikkje sparka fotball med Emil, men det har han andre som kan gjera med han, og det er no mange andre mødrer som heller ikkje sparkar fotball.

Camilla trur sonen vil bli styrka som person og meir tolerant ved å ha ei mor som sit i rullestol.

– Han veit jo at ikkje alle som sit i rullestol er like. Eg har aldri blitt mobba, og veit ikkje om noko negativt knytt til funksjonshemminga mi. Eg skulle sjølvsagt ønskja eg ikkje var fødd med CP, men det er ikkje synd i meg! Eg blir ikkje lei meg viss nokon spør kvifor eg sit i rullestol. Ho trur mykje sit i hovudet, og at kor bra ein har det går på personlegheit og innstilling.

– Eg er nok ein blid, sosial og positiv person. Og så er eg nok fødd sta. Når eg handlar har eg til dømes handlekorga på ein arm, Emil på den andre. Då kan nokon seia til meg at dei blir imponert over at eg får det til. Men eg har jo aldri handla på nokon annan måte!

Det einaste Camilla kan blir såra av, er om nokon trur at Emil Aleksander ikkje er hennar gut:

– Ja, det er litt vanskeleg for meg å forstå kvifor folk antar han ikkje er min, kvifor er det så overraskande? Berre fordi eg sit i rullestol? Eg møter ein del fordommar.

Stolt mamma
I starten sat Emil Aleksander på fanget hennar i stolen når dei skulle nokon stad. Men etter kvart ville han gå på eiga hand.

– Eg hadde sele på han i starten, men det likte han dårleg. Eg var meir nervøs før viss han sprang av garde, men han veit kva begrensingar eg har, og er flink å lya meg.

Camilla innrømmer at sonen nok kanskje er litt bortskjemt på merksemd, med ei mor som er heime og som bruker mykje tid på han.

– Samtidig eg er veldig heldig som har ein unge som er så snill. Han har sove 12 timar sidan han var tre månader. Han er veldig sosial og utadvendt, nett som meg. I tillegg lærer han fort, og han er interessert i å læra.

Emil Aleksander finn fram ein matboks med bokstavkjeks i, og seier namnet på bokstavane etter kvart som han tar ut ein og ein. Han kan heile alfabetet, og han kan også telja til 20. Vi spør på kva måte guten hennar har forandra Camilla som person.

– Vennene mine vil sikkert seia at eg har forandra meg mykje. Før var eg veldig eventyrlysten og ville reisa over alt og oppleva ting. Det vil eg jo framleis, men eg er blitt rolegare. Eg stressar mindre og er meir avbalansert. Livet mitt er styrt av han no, og det trivst eg med. Eg trivst også meir i Kvinnherad og på Husnes, det er betre å bu med ungar her enn i ein by.

Camilla innrømmer at ikkje alt er like rosenraudt kvar einaste dag:

– Sjølvsagt har eg tyngre periodar enn andre, eg er jo aleinemor. Men det er verdt det! Alltid. Eg er nok mamma med stor M.

– Kva håp og draumar har du for framtida hans?

– Det er vel dei same som alle foreldre har, at han skal bli lukkeleg. Eg er oppteken av at han skal få sjølvtillit og gjera nett det han vil i livet. Han er ein veldig flink gut, og eg er veldig stolt av han.

– Kunne du tenkt deg å få fleire barn?

– Det håpar eg verkeleg, ja. Eg håpar å møta mannen i mitt liv og at vi kan få fleire ungar saman. Eg håpar eg ikkje må vera aleinemor for alltid. Men eg stressar ikkje med det. Eg synest vi klarer oss veldig bra, eg og Emil Aleksander.

Les saka i Kvinnheringen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59
ANNONSE