Aayat Alqormozi frå Bahrain tok torsdag kveld i mot Studentenes fredspris i Olavshallen i Trondheim.

Ingrid Vik Bakken, Dusken.no
Ingrid Vik Bakken, Dusken.no

Studentenes fredspris blir utdelt annakvart år til studentar som har utmerka seg med sitt arbeid for å fremje fred, menneskerettar og demokrati

Prisen har sitt utspring frå Internasjonal studentfestival i Trondheim (ISFiT) og vart utdelt første gong i 1999

Hittil har sju studentar frå Burma, Øst-Timor, Zimbabwe, Colombia, Vest-Sahara, Kroatia og Iran fått prisen

Prisvinnaren for 2015 kjem frå Bahrain, og har gjort seg bemerka gjennom sin motstand mot det totalitære regimet i landet Kjelde: studentpeaceprize.com

Den unge kvinna, som vart kasta i fengsel for å ha lese regimekritiske dikt, vart tildelt Studentenes Fredspris for sitt engasjement for menneskerettar og demokrati i Bahrain.

Aayat Alqormozi hadde med seg det bahrainske flagget opp på scena då ho tok i mot prisen, og trakk i talen sin fram dei studentane i Bahrain som framleis sit i fengsel.

– I dag sit 200 studentar fengsla i Bahrain, nokon av dei er dømt til å sone på livstid. Berre fordi dei har sagt meiningane sine, sa ho.

Leiar for komiteen som har valt ut årets vinnar, Jørn Wichne Pedersen, forklarte bakgrunnen for at Alqormozi var den som vart valt ut av dei mange gode kandidatane.

– Alqormozi vart i 2011 torturert og fengsla etter å ha lese sine eigne dikt på Perleplassen i Bahrain tidleg i opprøret. Då ho slapp ut av fengsel, gjekk ho på scena og gjorde det same igjen. Dette syner ein styrke og eit stort mot som inspirerer studenter over heile verda, sa han.

LES OGSÅ:Student-fredspris til Bahrain-aktivist

Snakkar regimet midt i mot

Alqormozi vart etter internasjonalt press lauslaten frå fengsel tidlegare enn forventa, på vilkår om at ho ikkje måtte fortelje nokon om kva ho hadde vorte utsett for. Det løftet har ho definitivt sørgt for å bryte. Ho har den siste veka reist rundt i Noreg og treft politikarar, halde føredrag og snakka med ISFiT-deltakarar.

– Utdanning er viktig, men å sitje i fengsel var det aller beste universitet.

På scena i Olavshallen trakk ho fram kva ho har lært av behandlinga ho fekk av bahrainske myndigheiter.

– Utdanning er viktig, men å sitje i fengsel var det aller beste universitet. Eg lærte mykje av dei andre samvittigheitsfangane. No veit eg kva fridom tyder, sa ho.

At eit dikt skulle sende henne i fengsel, var noko ho på førehand ikkje hadde forventa. No håpar ho å halde fram kampen, og at ho ein dag kan kome tilbake til ISFiT for å fortelje at ho har oppnådd det ho vil.

– Eg kjem ikkje til å gi meg. Den som har rett, vil alltid vinne til slutt, sa ho.

LES OGSÅ:Kampen for «upraktiske» menneskerettar

– Alle kan lære av Alqormozi

Alqormozi vart samanlikna med Malala Yousafzai, vinnaren av den noko meir kjende Nobels fredspris. Dei er to unge kvinner som begge har vorte undertrykt og utsette for vald, men som nektar å late seg kneble.

Leiar Jamila Raqib for Albert Einstein Institution, ein organisasjon som har spesialisert seg på ikkje-valdelege protestar og demokratisering, meinte at alle har noko å lære frå Alqormozi.

– Å kjempe mot urettferd og overgrep kan verke håplaust, men Aayat har inspirert oss. Ho har lært oss at vi alle har ansvar for å handle, og at vi som enkeltindivid kan utgjere ein stor skilnad, sa ho.

Ho takka ISFiT for å setje søkjelyset på dei stille protestane, som til vanleg får lite merksemd.

LES OGSÅ:– Pensjonen min skal ikkje hjelpe diktatorar

Kan verte fengsla ved retur

Alqormozi har fått mange negative tilbakemeldingar etter at det vart kjend at ho reiste til Trondheim for å ta i mot fredsprisen. Det er difor fare for at ho vert fengsla når ho returnerer. Håpet er likevel at ho no får så mykje merksemd at myndigheitene ikkje torer å gjere ho noko.

Leiar Ragnhild Fredheim for fredsprisen understrekar kor viktig det er at Alqormozi ikkje blir gløymt.

– Som med andre fredsprisvinnarar, skal vi følgje henne opp og sørgje for at historia hennar vert kjend, sa ho.

Les saka på Dusken.no!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE