Det store valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjennom heile ungdomsskulen er det kvar veke fokus på utdanningsval. Det blir følgd og intervjua arbeidarar i aktuelle yrke, skulebesøk på VGS-dagar og jobb-dagar der elevane er med på ein arbeidsplass. Forskjellege yrkesgrupper har vore i klasserommet og fortalt om korleis dei jobbar. Med andre ord – det er stort fokus på å finna ut kva interesser dei unge har i livet. 

– Elevane er betre rusta no enn før, men det kan vera vanskeleg å velja likevel, seier Halleraker. Han og Elin Brit Østvik Sæ er rådgjevarar på skulen, som har fulgt opp dei 73 elevane som har verda for sine føter. Siste frist for å endra søknaden er 2. mars.

TIP (teknikk og industriell produksjon) er populært, det same er elektro. Flest gutar har desse studieretningane øverst på ønskjelista. 

– Fleire jenter enn gutar vel studiespesialisering, dei er ofte meir teoristerke. Ein del av jentene vel helse og oppvekst, service og samferdsel. Media og kommunikasjon er framleis populært, seier Halleraker. Fleire fattar og interesse for private tilbod, som skuleskipet Gann. Haugesund toppidrettsgymnas (HTG) vil og få ein del søkjarar frå Sveio i år.

Les saka i Vestavind!

TEMA: Les meir om yrkesval her!