NRK Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane inneheld 7000 artiklar og over 14.000 bilete. No tek det digitale nynorskleksikonet Allkunne over ansvaret.

NRK Sogn og Fjordane har samla og oppdatert fakta om fylket sidan 2001.

Det har resultert i store mengder artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv, kulturliv og organisasjonar.

Brorparten er skrive av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen.

LES OGSÅ: – For lite nynorsk på Internett

Levande leksikon
– NRK har gjort framifrå arbeid med fylkesleksikonet. Me har forplikta oss til å føre vidare den høge kvaliteten på artiklane, og me er stolte over den tilliten NRK viser oss ved denne overføringa, seier styreleiar Lodve Solholm i Allkunne AS i ei pressemelding.

Han forsikrar om at dei vil oppdatere og vidareutvikle dette rike stoffet vidare.

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordaneer no blant dei gratis tilgjengeleg artiklane på nettsidene til Allkunne.

I dag ligg det 22.000 artiklar på sidene til nettleksikonet, som er eit dotterselskap i Nynorsk kultursentrum.

– Me er svært glade for at fylkesleksikonet lever vidare. Allkunne har leksikon som spesialfelt og vil sikre at dette materialet blir oppdatert og utvikla til beste for publikum, seier distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE