– Bransjen er konkurranse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis redde ein spøkelsesby?

Kl 14.00 i dag gjekk startskotet. Då har dei påmeldte studentane 120 timar – eller 432000 sekund – på seg til å levere sitt bidrag i arkitektkonkurransen 120 hours.

I år skal deltakarane bryne seg på radikalt bygningsvern på Svalbard. Tema er å lage ein plan for kva som skal skje vidare med Pyramiden på Spitsbergen – eit russisk gruvesamfunn som vart forlatt i 1998.

Ein spøkelsesby. 

LES OGSÅ: Vann arkitektpris for flytande bydel

Smak av konkurranselivet
Prosjektleiar Brit Kristin Heltne trur den strame tidsrama er ein av grunnane til at konkurransen har vekse seg så stor sidan starten.

– Arkitekturkonkurransar elles er lite tilrettelagt for studentar, og det er sjeldan studentar har moglegheit til å delta. Det kan vere grunna tid, at dei ikkje vågar, eller at det er krav til at berre etablerte arkitektbedrifter kan delta. Bransjen er konkurranse og gjennom dette får studentane ein smak av arbeidsverkelegheita utfor skulen, seier Heltne.

Difor starta ei gruppe arkitektstudentar i 2010 ein konkurranse som skulle vere ein plattform for unge studentar som vil vise seg fram.

I år har tre nye prosjektleiarar teke over sjefsstolen i verdas største arkitektkonkurranse for studentar.

– Me vil diskutere samfunnsrelaterte oppgåver utfor skulen. Det kan vere diskusjonar som pågår no, eller som me trur vil verte viktige i framtida, forklarar Heltne.

LES OGSÅ: Studentprosjekt nominert til prestisjepris

Pyramidevern
Deltakarane må mellom anna ta stilling til om bygningane skal vernast slik dei er, eller få nye bruksområde. Eller kanskje ein skal la naturen overta heilt? 

– Det er ikkje sikkert alle studentar i dei ulike landa kan like mykje om bygningsvern og bevaring. Det krev at studentane les seg opp og tek stilling til vanskelege spørsmål, meiner prosjektleiaren.

Hekkeområde, isbjørn, kulde og mørketid er faktorar som speler inn i dei arktiske områda.  

LES OGSÅ: Masteroppgåve: Forme bygda

Frå Syria til Spitsbergen
Oppgåva er meir omfattande enn tidlegare år og Heltne trur difor at det ikkje vil kome inn fullt like mange bidrag som i fjor, sjølv om påmeldinga til no ligg på omtrent same nivå.

I fjor kom det inn 610 bidrag frå 83 ulike land – mellom anna India, Syria og Oman.

Det kom òg eit bidrag frå marinbiologar. Konkurransen er nemleg open for alle studentar.

– Me trur det er eit spanande prosjekt som kan setje i gang debattar om bygningsvern. Det har lenge vore radikale prosjekt om bygningsvern, men faget er veldig nytt. Det er eit snevert felt, som eg trur det kjem til å bli meir snakk om i framtida, spår Heltne.

Den aktuelle bygningsmassen på Pyramiden er russisk eigd, medan landområda er norske. Noreg har allereie vedteke verneplanar for området.

LES OGSÅ: Dei nye rallarane

Langsiktig tenking
Heltne vonar at studentane gjennom oppgåva skal verte trygge nok til å ta eit standpunkt og i framtida kunne jobbe med bygg som allereie eksisterer.

– Dei fleste bygg som vert set opp no er bygd for å vara i 30 år. Det er gjerne billegare for firma å rive og bygge nytt.  Eg meiner det ikkje er noko særleg å tenke så kortsiktig. Håpet er at studentane som vert ferdig utdanna framover vil tenke meir gjenbruk, som ofte kan vere meir krevjande enn å bygge nytt, avsluttar arkitektstudenten.

Sjå den norske skataren Karsten Kleppan leike seg i Pyramiden på Spitsbergen:

Element Wolfeboro Authentech – Spitsbergen, Norway from ELEMENT SKATEBOARDS on Vimeo.

Faktaboks

120 hours

• Ein arkitektkonkurranse for studentar av studentar

• Vart fyrste gong arrangert i 2010 av tre studentar ved Arkitekthøgskulen i Oslo

• Alle studentar verda over kan delta – uansett studieretning

• Ein kan delta som enkeltperson eller i grupper med opptil tre deltakarar

• Juryen er sett saman av kjente arkitektar saman med ein studentrepresentant

• Vinnaren får ein pengepremie på 30.000 kroner, medan andre- og tredjeplass får 15.000 og 7.500 kroner

Kjelde: 120 hours