3 av 10 nøgde med studieoppfølging

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For dårleg studieoppfølging

Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret 2.0 vart presentert i dag, med ei oversikt over kor godt studentane trivst, blir fagleg utfordra, får individuell oppfølging – med meir.

Heile 76 prosent av studentane som svarde på undersøkinga seier dei er tilfreds med studiet sitt, og så mykje som 87 prosent meiner studiet dei går på er fagleg utfordrande. Det er tal som gledar mellom andre leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB), Tommy Aarethun – men det er ingen siger.

– Det er sjølvsagt gledeleg at heile 76 prosent av studentane høyrer til på fornøgd-sida. Det er likevel viktig å ha fokus på den gruppa som ikkje er nøgd og arbeida strategisk for å løfte desse opp på fornøgd-sida,seier Aarethun i ei pressemelding.

Han og fleire andre studentpolitikarar retta heller merksemda mot dystrare tal.

LES OGSÅ: Lærarstudentar er minst tilfreds

Får ikkje oppfølging
Det er berre sju prosent av studentane som seier dei ikkje er nøgd med studiet sitt, men eit anna tal får langt meir merksemd. Berre 29 prosent av dei spurde studentane er nøgde med den individuelle oppfølginga dei får frå faglærarane.

Dette talet er omtrent like lågt som i fjor. Den gong vart Norsk Studentorganisasjon (NSO) skuffa, og forventa eit høgare tal i år. Då rapporten vart lagt fram, vart det heller ei reprise av fjoråret.

– Dette stadfestar at det satsast for lite på oppfølging og rettleiing av studentane ved norske utdanningsinstitusjonar. Her gjer ikkje universiteta og høgskulane jobben sin, seier Anders Kvernmo Langset, leiar av NSO, i ei pressemelding.

Terje Mørland er direktør for NOKUT, som står bak Studiebarometeret. Han stiller seg bak kritikken til Kvernmo Langset.

– Studiebarometeret viser at det er store variasjonar i tilbakemeldingane frå studentane. Det er urovekkande at mange studentar er til dels veldig misnøgd. Spesielt gjeld det individuell tilbakemelding og fagleg oppfølging. Universiteta og høgskulane har ein jobb å gjera med å finna ut kva som er årsaka, og setja inn naudsynte tiltak, seier Mørland.

LES OGSÅ: Fuskesak kan hamna i høgsterett

Fleire grunnar
Tommy Aarethun håpar på klare prioriteringar frå institusjonane framover. Han trur det er ulike grunnar til at så få er nøgd med oppfølginga dei får.

– Hovudgrunnen er at utdanningsinstitusjonane ikkje har gjort ein god nok jobb med å følgja opp studentane. Dette er ein ressurskrevjande jobb som krev at ein tydeleg prioriterar det. Eg vonar at resultata frå undersøkingar som Studiebarometeret vil bidra til at  utdanningsinstitusjonane har fokus på dette i tida framover, seier Aarethun.

Han foreslår ei mentorordning som ei løysing på problemet.

– At berre 3 av 10 studentar er nøgd med oppfølginga syner eit stort behov for at institusjonane no satsar på oppfølging og tilbakemelding. Ei mentorordning for alle studentar vil sikra god oppfølging av studentane.

Kva inneberer ei mentorordning?

– Ei mentorordning kan byggast opp på ulike måtar. Det er viktig at det er ei kopling mellom studentar og fagmiljøet på institusjonane. Dette kan løysast anten gjennom direkte kontakt eller gjennom å laga eit mellomledd der ein nyttar det som i dag er seminarleiarar som mentorar og at desse igjen har kontakt med familjøet, svarar Aarethun, og legg til at han og parlamentet forstår at vil bli interne forskjellar mellom ulike fakultet, når forholdstalet mellom studentar og tilsette varierer.

LES OGSÅ: Stoppa skulepengar

– Ei kjempegod nyheit
Saman med lanseringa av Studiebarometeret kom ei god nyheit for studentane. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) fortalde at regjeringa ville legga fram ei eiga stortingsmelding om utdanningskvalitet i løpet av 2017.

– Dette er ei kjempegod nyheit for studentane her i landet og noko NSO har etterlyst lenge. Endeleg får me ein eigen melding om den utdanningskvaliteten studentane møter kvar einaste dag i auditoria og klasseromma, seier Anders Kvernmo Langset.

No vil han spela på lag med regjeringa.

– Me ser fram til å bidra for å finna gode tiltak til korleis me kan få ned det høge fråfallet, betra oppfølginga av studentane og få fleire studentar til å lukkast i studia. Her har me og regjeringa ein felles ambisjon, seier Langset.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø

Faktaboks

Studiebarometeret 2.0 er ei landsomfattande spørjeundersøking som gir ei oversikt over trivsel, tidsbruk, oppfølging og meir blant studentar i Noreg.

Tala for 2014 viser fleire ting:

76 prosent av studentane seier dei er nøgde med studiet sitt

7 prosent seier dei ikkje er nøgde

85 prosent svarar at studiet er relevant for aktuelle yrkesområde

87 prosent svarar at studet er fagleg utfordrande

Så lite som 29 prosent av studentane er nøgde med oppfølginga dei får av fagansvarlege

Kjelde: Studentbarometeret