Alle studentar ved universitetet bør få mentor

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle studentar bør få mentor

Lesarinnlegget var først hos Studvest

Landet har ein statsministar og kunnskapsministar frå eit parti som gjekk til val på nye idear og betre løysingar, det er det av og til behov for. Når det gjeld oppfølging og attendemeldingar under studiane er det derimot berre å finna fram våre gode gamle idear om mentorordning og grundige attendemeldingar.

LES OGSÅ: 3 av 10 nøgde med studieoppfølging

Tysdag 3. februar la Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen (NOKUT) fram Studiebarometeret for 2014. Dette er andre gong barometeret vert lagt fram og det gjer det for fyrste gong mogleg å samanlikna tal over fleire år.

Tala for 2014 er på mange områder veldig like tala frå i fjor og stadfestar dermed trenden frå 2013 om at studentane er klart minst nøgd med den faglege oppfølginga og attendemeldingane ein får under studiane. Under 3 av 10 studentar oppgjer å vera nøgd med «den individuelle oppfølginga» dei får under studiane. Det er ei attendemelding som institusjonane må ta på alvor i tida framover.

LES OGSÅ: Vil ha nasjonalt ansvar for læringsmiljø

Studentparlamentet ved UiB har hatt klar politikk på dette lenge og ynskjer at det vert innført ei mentorordning for alle studentar ved UiB. Dette vil sikre at studentane får god kontakt med fagmiljøa frå fyrste stund og vil vera ein kanal som kan nyttast til å gje studentane grundige attendemeldingar på arbeidet dei gjer under studiane. Ei slik ordning vil vera eit direkte svar på det studentane er klart minst nøgd med. Det bør vera ein god motivasjon.

I desse dagar er arbeidet med ny strategiplan for UiB i full gang. Der bør ein ha store ambisjonar for kva ei mentorordning kan gjera med utdanningskvaliteten ved universitetet. Ein bør raskast mogleg få på plass gode strukturar for ei mentorordning slik at alle studentar kan få den oppfølginga som nokon allereie får. Dette vil opna nye moglegheitar for kontakt mellom studentar og vitskapleg tilsette, kanskje kan DU som forskar møta din framtidige kollega alt i vedkommande sitt fyrste semester som student ved UiB?

LES OGSÅ: Fuskesak kan hamna i høgsterett

Me har eit mål om at alle studentar ved universitetet skal få ein mentor. Det vil sikra ei langt betre oppfølging og heva utdanningskvaliteten ved universitetet.

Sidan eg byrja med slagordet til eit parti kan eg avslutta med eit slagord frå eit anna parti;

Mentorordning til alle bør vera jobb nummer ein!

LES OGSÅ: Lærarstudentar er minst tilfreds