Utdanningsstrukturen på Vestlandet er i fritt spel etter at Høgskolen i Ålesund onsdag vart ynskt velkommen inn i eit fellesskap med NTNU.

NPK-Mari Torsdotter Hauge
NPK-Mari Torsdotter Hauge

Saman med Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Sør-Trøndelag skal Høgskolen i Ålesund bli ein del av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim – og dermed bli det største universitetet i Noreg, med rundt 38.000 studentar.

Det vart klart etter at styret ved NTNU røysta for eit forslag om samanslåing med dei tre høgskulane onsdag ettermiddag. Vedtaket fører til uvisse rundt framtida til dei andre høgskulane på Vestlandet.

Høgskulen i Molde (HiM) har ikkje noko ynskje om å slå seg saman med nokon, men har likevel måtta greia ut eit alternativ B dersom Kunnskapsdepartementet vedtek at dei må. Førstevalet deira var då ei samanslåing med høgskulane i Sogn og Fjordane (HiSF), Volda (HVO) og Ålesund (HiÅ).

LES OGSÅ: Ønskjer lovendring for «Nye NTNU»

– Molde startar på scratch
Rektor ved HiM, Hallgeir Gammelsæter, fortel at reaksjonane etter vedtaket til NTNU er ulike.

– Nokre er meir overraska enn andre, og det blir jo diskutert i lunsjen, men analysane sprikar, skriv han i ein e-post til Nynorsk pressekontor.

– Me har heile tida meint at me kan halda fram utviklinga åleine, men samtidig innsett at me kan bli tvinga til noko anna. No ser det ut til at B-alternativet vårt fell, så då er det aktuelt å sjå om me kan skapa eit nytt alternativ. Då startar me omtrent på scratch, så det er vanskeleg å seia kva det blir no, fortel Gammelsæter vidare.

Fristen for å koma med innspel til Kunnskapsdepartementet er 1. februar. Høgskulen i Molde har bede om å få meir tid til å utarbeida eit nytt forslag ettersom alternativet deira med ein allianse av fire høgskular på Nordvestlandet ikkje lenger er ein realitet.

LES OGSÅ: Studieframtida er på nettet

Ynskjer brei samanslutning i vest
Høgskulen i Sogn og Fjordane vil til liks med Høgskulen i Molde helst gå vidare åleine, men Kunnskapsdepartementet har mellom anna føreslege at han slår seg saman med Høgskulen i Volda.

HiSF har sagt at dette berre er aktuelt om ein også får med seg Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen på laget. Høgskulen i Volda er derimot ikkje interessert i ei samanslutning der Bergen er involvert, og vil heller samarbeida med høgskulane på Nordvestlandet.

– Me må ha med oss fagmiljø som dekkjer breidda av fag i Høgskulen, og me bør ha med UiB. Skal me først fusjonera, må gevinstane vera større enn kostnadene, seier rektor Åse Løkeland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ho fortel at høgskulen er mest interessert i ei brei fagleg samanslutning på Vestlandet etter at statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) under eit møte med høgskulen tysdag gjorde det klart at HiSF ikkje kan halda fram åleine.

Styret ved HiSF skal vedta kva fusjonsalternativ dei føretrekkjer under eit styremøte 5. februar. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE