– Vi såg bilde frå Ørsta. Her er ein utruleg identitet i naturen. Det vekte ei sterk interesse i oss.

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

Landskapsarkitektstudentane Dina Fonn Sætre og Sigrid Hauglin er i Ørsta for første gong. Denne våren jobbar dei med ei masteroppgåve ved Universitetet i Ås, som omhandlar Ørsta sentrum.

– Det er noko heilt anna å vere her enn å berre lese om staden. Vi ønskjer å møte menneska som bur her og sjå bygda med våre eigne auger, seier dei to.

LES OGSÅ:Arkitektur for framtida

God representant
Ørsta vart dei merksame på gjennom å lese utlysinga til arkitektkonkurransen Europan, der Ørsta er med som ein av fem kandidatar. Konkurransen omhandlar Ørsta sentrum, med særleg fokus på sjølina.

– Vi ønskjer å sjå heilskapen i Ørsta, men med hovudfokus på sentrum. Ørsta er ein god representant for mange av dagens bygdesamfunn, med eit amfikjøpesenter i midten, og med ei handlegate som må tenke nytt for å trekkje til seg folk, seier Dina.

Som landskapsarkitektar jobbar dei med å forme byar og bygder på menneskelege premissar, der fokuset ligg på å skape gode offentlege rom og møteplassar.

– Vi ønskjer å møte ørstingane. Vi skal besøke skular og halde stand på Amfi, og håper å få høyre frå bygdefolket sjølve kva dei meiner er bra og kva dei meiner ikkje er fullt så bra. Vi trur at om vi kjem oss under huda på ørstingen, så vil vi få ein betre idé om identiteten, og dermed også enklare kunne kome med forslag og planar for å skape eit livleg sentrum.

LES OGSÅ: Vann arkitektpris for flytande bydel

Laurdag troppar dei opp på Amfi-senteret. Dei har også ei heimeside der dei har laga til ei spørjeundersøking, som dei håper flest muleg vil ta seg tid til å svare på (draumdiframtid.com).

– Ein ting er kva vi kan finne om Ørsta på Internett. Ein annan ting er kva kvardagskvalitetar ørstingane veit om, som er med på å forme dei. Då må vi snakke med dei. Vi vil løfte fram kvalitetane som er her, men då må vi vite kva ørstingen tenkjer. Alt er av interesse. Det er heilskapen vi er ute etter. Eit signalbygg er ikkje løysinga på å få til gode møteplassar i sentrum.

Masteroppgåva deira skal dei jobbe med fram til mai. Planen er å i etterkant også levere inn eit forslag i Europan-konkurransen.

– Vårt mål er å skape ein heilskapleg og framtidsretta visjon for Ørsta sentrum, der innbyggjarane sine interesser og behov er reflektert.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

ANNONSE