Filmfavoritt vart laga med iPhone

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laga storfilm med telefon

Sundance-festivalen, ein av dei største filmfestivalane i verda, er i gang. I mylderet av indie-filmar med historiar om oppvekst og kreative vriar bak kamera, har filmen «Tangerine» på kort tid blitt ein favoritt blant mange. Den har og skilt seg ut ved at filmskaparen Sean Baker har filma nesten heile filmen med tre iPhone 5S, ein app som heiter Filmic Pro, og eksterne linser.

LES OGSÅ: Den maskerta filmstjerna

Ringde politiet
Det kan vera fleire grunnar til at Sean Baker har funne ut at han ville spela inn heile filmen. Eit openbart argument for å berre bruka iPhone er økonomien – ein smarttelefon er trass alt billigare enn profesjonelt filmutstyr.

Ifølgje Slashfilm.com var mobilitet også ein viktig grunn til å bruka iPhone – med mindre utstyr vart det lettare å spela inn scener til filmen på offentlege stader på ein naturleg måte. Men, ifølgje Slash Film, av og til vart det for realistisk. Ein bussjåfør i Los Angeles skal ha ringt til politiet under innspelinga av ein krangel, då han ikkje skjønte at det var ei filminnspeling han var vitne til.

LES OGSÅ: Stuntmenn frå filmheimen

Første på iPhone
Ifølgje The Verge er «Tangerine» den første filmen på Sundance-festivalen som er spelt inn nesten kun på iPhone.

Ein av skodespelarane i filmen, James Ransone, var open om skepsisen til at filmen skulle spelast inn med ein iPhone, ifølgje The Verge.

– Eg var litt nølande, mest grunna stoltheit. Eg tenkte "herregud, eg var med i The Wire, no spelar eg i iPhone-filmar", sa Ransone.

Det er uvisst når, og om, «Tangerine» kjem på norske kinoar.

LES OGSÅ: Feminisme-testen