– Noreg kan bli klimasinke

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kunne NRK avsløre at regjeringa har vurdert å droppe Noregs utsleppsmål fram mot 2030.

LES OGSÅ: Sju av ti meiner Noreg gjer for lite for klimaet

Klimaåret 2015
Leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre, meiner det er heilt vanvitig at regjeringa i det heile teke vurderer å droppe innanlands klimakutt.

– Dette kan ta Noreg frå rolla som potensiell positiv bidragsyter i forhandlingane til ei klimasinke. Med dette nektar regjeringa for det historiske ansvaret Norge har for å kutte eigne utslepp, seier Vestre i ei pressemelding.  

2015 er eit skjebneår for verdens klima. Planen er at ein ny internasjonal klimaavtale skal verte ferdig under klimatoppmøtet i Paris i desember. Fram mot dette skal alle land melde inn sine klimamål for perioden etter 2020.

Regjeringa skal kome med framlegg til nye klimamål i ei stortingsmelding, som er venta i februar. Det er utkastet til denne meldinga NRK har fått tilgang til.

Klima- og miljødepartementet ynskte ikkje å kommentere saka, men ifølgje NRK er ikkje forslaget endeleg.

LES OGSÅ: Norske utslepp aukar: – Ikkje nok pengar til klima

Vil ha rettvis klimaavtale
I utkastet foreslår regjeringa at Noreg skal kutte minst 50 prosent av utsleppa innan 2030. Men forslaget seier ikkje noko om er kor mykje av utsleppa som skal skje innanfor Noregs grenser.

Natur og Ungdom fryktar difor at regjeringa vil betale seg bort frå problema.

– Om me skal påleggje andre å kutte, samstundes som me kjøper kvoter i utlandet, vil det sende eit pinlig signal. Løysinga er ikkje å kjøpe seg fri, samstundes som ein legg det på fattigare land å kutte. Dette tek oss på ingen måte i retning ei rettvis klimaavtale, seier Vestre.

No vonar leiaren i Natur og Ungdom at støttepartia Venstre og KrF tek ansvar for at regjeringa sin framtidige klimapolitikk.

LES OGSÅ: Ungdom meir uroa for klimaet

Kritiske støtteparti
Kjell Ingolf Ropstad frå Kristelig Folkeparti varslar NRK om at saka ikkje vil få gjennomslag i Stortinget, fordi KrF og Venstre kjem til å krevje konkrete, enkle og målbare mål.

Begge samarbeidspartia meiner Noreg bør ta minst 40 prosent av utslippskutta heime.

Natur og Ungdom har enno høgare ambisjonar.

– Ein rettferdig del av klimaansvaret inneber at Noreg kuttar 60 prosent av sine klimagassutslepp her heime, og bidreg sterkt internasjonalt, avsluttar Vestre