Tre av fire veit ikkje kven som er kunnskapsminister

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire veit ikkje kven han er

26 prosent av dei spurde svarte som korrekt er, at Torbjørn Røe Isaksen (H) er kunnskapsminister. Men det store fleirtalet er kunnskapslause om kven som sit i denne statsrådsstillinga, viser undersøkinga som er omtalt i Khrono.

LES OGSÅ: Vil fjerna tidstjuvar i skulen

– Altfor få veit kven som er kunnskapsminister: Vi skulle ønskje han var meir profilert, for det hadde betydd at kunnskapsfeltet også var viktigare, seier NSO-leiar Anders Kvernmo Langset.

Leiaren i Forskarforbundet, Petter Aaslestad, meiner på si side at det låge talet på rett svar handlar vel så mykje om låg politisk kunnskap blant folk.

LES OGSÅ: Røe Isaksen vil halvere talet på høgskular i Noreg

Statsråden sjølv synest ikkje han er anonym.

– Det er alltid eit mål for ein politikar å vere godt kjent, og forhåpentlegvis for noko bra. Når det er sagt, føler eg meg ikkje som ein veldig anonym politikar, men eg kan heilt sikkert bli endå betre til å profilere politikken til regjeringa, seier Isaksen.

15 prosent av dei som er under 30 år, svarar rett på spørsmålet om kven kunnskapsministeren er. Fordelt på partipreferanse veit 28 prosent av Høgre-veljarane kven deira mann er, medan nesten halvparten av Venstre-veljarane, 44 prosent, svarar rett. (©NPK)

LES OGSÅ: Røe Isaksen meiner mobbarar bør bli flytta til ny skule