Desse kan verte årets mest morosame Youtube-kanal.

Møre-Nytt
Møre-Nytt

Søndag 15. februar blir prisutdelinga Gullsnutten sendt på TVNorge. Youtube-sjåarane har no stemt fram dei nominerte i seks ulike kategoriar. Klypa sin kanal, som Thomas Ryste driv, har vorte nominert i kategorien årets mest morosame kanal, og skal kjempe mot PrebzOgDennis, Pistol Shrimps og Noobwork.

LES OGSÅ:Fekk jobb etter Titanic-suksess

Ryste fekk beskjed fredag at Klypa er ein av dei fire nominerte i kategorien.

– Eg gler meg, og det vert fantastisk. Eg kjem og Kjellen kjem, seier Ryste til TVNorge.

Tanken bak utdelinga er å løfte fram arbeidet som norske youtubarar gjer kvar einaste dag i Noreg, og lage ei festleg ramme rundt det.

– For første gang skal det delast ut heider og ære til dei beste norske Youtube-kanalane og menneska bak, også kalt youtubarar. Kven veit, kanskje får vi sjå framtidas TV-fjes, seier Eivind Landsverk, programdirektør i TVNorge og SBS Discovery.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

Kommentarar

ANNONSE