Wikipedia får Erasmus-prisen 2015
Prisen på 150.000 euro går til online-leksikonet for å gjera kunnskap tilgjengeleg for alle.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det melder Erasmus-prisen på sine heimesider. Der står det òg at prisen blir gitt ut kvart år til ein person eller institusjon som har komme med store bidrag til kultur og samfunn i Europa og utanfor.
LES OGSÅ: Ingen vann novellekonkurranse
I år var det Wikipedia som fekk æra – og pengepremien som følgjer med – å hamna inn under ein slik definisjon. Tidlegare har Amnesty International, Ingmar Bergman og det austerrikske folk vunne prisen, samt ei lang rekke av professorar og forfattarar av pensumlitteratur for ulike institusjonar for høgare utdanning.
Prisen vart først delt ut i 1958, den gong til det austerrikske folk.
LES OGSÅ: Mannetung Upris