Mannetung Upris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mannetung Upris

I løpet av 2014 har 750 norske ungdommar skrive tilsaman 1200 bokmeldingar.

Det er desse elevane sine bokmeldingar som har danna grunnlaget for nominasjonsjuryen si avgjerd.

– Det har vore utfordrande, men morsamt. Alle dei nominerte er gode kandidatar til å vinne Uprisen, seier ungdomsjuryen i ei pressemelding frå Foreningen !les.

LES OGSÅ: Vil sjå lesande menn

Kompromisslaus jury 
Prosjektleiar for Uprisen Bjarte Bakken fortel at dei ikkje legg seg opp i kven ungdommen nominerer.

Han peikar på at det tidlegare år har vore kvinnelege vinnarar og trur mannedominansen i 2014 er litt tilfeldig.

– I år har dei skrive bøker som har fenga både jenter og gutar. Det er eit godt driv i bøkene og dei er ordentleg spanande. Samstundes er det nokon bøker som reflekterer meir over alvorlege ting. Det er bøker som har noko på hjartet, det er ikkje berre reinspikka underhaldning, understrekar prosjektleiaren.

– Ingen vaksenjury hadde nominert berre menn, så dei er kompromisslause, meiner Bakken.

Blant dei fem bøkene som ikkje nådde heilt opp, men likevel er anbefalt lesnad, er det fleire kvinner å spore. 

Her finn me «Skygge» av Lisette Askø, «Kaoshjerte» av Lise Forfang Grimnes, «Battle» av Maja Lunde og «Badboy: Steroid» av Anette Münch.

 
Nominasjonsjuryen består av Julie Karlsen, Kinga Bugajska, Henrik Stenberg, og Ingmund Andvik. Foto: Foreningen !les

Politikk og dystopi
I tillegg til mykje spenning er det fleire av dei fem Upris-nominerte som tek lesaren med ut i verda.

I «De som ikke finnes» kjem Samuel, ein papirlaus flyktning frå Ghana, på døra til norske Emilie. Dei to møttes på Gran Canaria i ei tidlegare bok.  Dette er tredjeboka i serien av Simon Stranger.

Johan B. Mjønes er nominert for «Blodspor i Klondike». Ein iskald thriller om miljøkriminalitet lagt til hundekøyrarmiljøet i Alaska.

Jon Ewo har skrive ein fiktiv historisk roman lagt til Noreg i åra etter andre verdskrig. I «1957» er utfallet av krigen er eit anna enn i historiebøkene og Noreg er eit nazistisk land.

LES OGSÅ: Uprisen til Thomas Enger

Ikkje nynorskens år
Både «Soledad» av Tor Arve Røssland og «I morgen er alt mørkt» av Sigbjørn Mostue er mørke dystopiar.

Røssland var både i 2010 og i fjor nominert til same pris for to av dei nynorske bøkene i serien «Svarte Mathilda». 

I år er han nominert med ei bokmålsutgjeving. Nynorsken glimrar med sitt fråvær i årets Upris-nominasjonar.

– 2014 har nok ikkje vore det beste bokåret for nynorsk ungdomslitteratur, ifølgje ungdommane sjølve, seier Bakken.

Han trur at det rett og slett har med kvaliteten på bøkene og at året har vore prega av mange oppfølgjarar, som har vanskeleg for å nå heilt opp. 

LES OGSÅ: Tre av åtte nominerte er nynorske

Kritiske blikk
Uprisen vert kvart år arrangert av Foreningen !les i samarbeid Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Daglig leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, meiner styrken med Uprisen er at han tek ungdoms meiningar om litteratur på alvor.

– Den gjev oss interessant innsikt i kva slags litteratur ungdom føretrekk og kvifor dei gjer det. Samstundes ser me at det å få lov til å møte litteraturen med eit kritisk blikk, bidreg til leselyst og interesse for litteratur hjå ungdommane som deltek i prosjektet, seier Voldner i pressemeldinga. 

No skal sju juryklassar frå ulike fylke lese dei nominerte bøkene før vinnaren vert kåra under Litteraturfestivalen på Lillehammer i slutten mai.

Faktaboks

Dei nominerte til Uprisen 2014:

«1957» av Jon Ewo, Cappelen Damm

«Soledad» av Tor Arve Røssland, Aschehoug

«De som ikke finnes» av Simon Stranger, Cappelen Damm

«I morgen er alt mørkt» av Sigbjørn Mostue, Cappelen Damm

«Blodspor i Klondike» av Johan B. Mjønes, Aschehoug