– Det er Kaizers Orchestra sett gjennom mine auge, seier mannen med gassmaska, Helge Risa, som utan å ane det vart hovudperson i rockedokumentaren «Den tilfeldige rockestjernen».

NPK-NTB– Gitte Johannessen
NPK-NTB– Gitte Johannessen

– Det var først på slutten at eg innsåg at det vart så konsentrert på meg, sa Risa då smakebitar frå regissør Leiv Igor Devolds marsklare kinofilm vart vist for presse og bransje i Oslo torsdag.

Tittelen «Den tilfeldige rockestjernen» spelar på at Risa drøymde om nokon å spele i band med, og dumpa borti Janove Ottesens visjon om det som skulle komme til å bli eventyret om Kaizers.

– Er du også vorten tilfeldig filmstjerne no?

– Eg føler meg ikkje som det – iallfall ikkje enno, ler Helge Risa, for anledninga utan gassmaske.

LES OGSÅ: Kaizers Orchestra lanserer virus-app

Taus med megafon
Men han kan komme til å bli det også i kjølvatnet av premieren 13. mars:

Ifølgje produksjonsselskapet Medieoperatørene har Kaizers-fansen allereie begynt å mase på kinosjefane per mail, etter at mange har vore med på å crowdfunde filminnspelinga og faktisk også vart tekne inn i handlinga.

– Trur du Janove er litt misunneleg på deg no?

– Nei, han unner meg nok dette og sa til meg «no er det du som skal skine», røper Helge Risa til NTB. I filmen høyrer ein den karismatiske vokalisten hoie «Helge er på», i det Risa entrar scenen i Oslo Spektrum med gassmaska på.

– Eg har prøvd å vere den teatralske på scenen. Mitt kreative arbeid i Kaizers er det eg gjer på scenen, moves'a mine, og ikkje musikken. Det er mine påfunn, seier Helge Risa som med åra vart svært viktig i Kaizer-scenografien.

– Elles var eg glad for å vere den tause, eg synes det er vanskeleg å seie noko, seier pumpeorgelorganisten lågmælt og gliser over minnet frå siste promoturné i lag med Janove:

– Då eg skulle seie noko, måtte eg gjere det i ein megafon.

LES OGSÅ: Målpris til Kaizers-Janove

Fem års ferd
At det vart ein rockumentar frå regissør Leiv Igor Devolds hand var ikkje tilfeldig, men uventa etter kortfilmar om nazisme og alkoholisme.

– Eit godt utgangspunkt for alle filmar er at du har noko du er genuint interessert i, seier Devold, som har halde på med dokumentaren sidan 2010 og no er klar til å sleppe han ut på kino så vel som musikk- og filmfestivalar.

Han tok tak i Kaizers Orchestras metaforhold til publikum. Difor startar filmen med at Helge Risa forsvinn rett før bandet går på scenen i Operaen under avslutningsturneen i 2013 – og dukkar opp i ein magisk tunnel som leier han til Kaizers magiske univers.

– Derfrå fortel eg bandets historie, så vel som Helges unike historie. Eg ville seie noko om kva det inneber å vere rockestjerne.

– Og det er?

– Noko magisk, der bandet lagar rom for å medverke og tar publikum med på reisa.

Sjå regissøren fortelje om filmen til crowdfunding-kampanjen:

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.58

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE