Lynet slo ned i flaggstanga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marion Holstad er busett På Gjerdane/Brekkane på Hareid. Tysdag nokre minutt før klokka 13.00 sat ho på kjøkenet då ho brått følte at ho vart trygt bakover i stolen. Samtidig kom det eit kraftig brak, eit lyn flerra over himmelen og lyste opp heile rommet.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

Bana seg grøfter langs armeringa
Då ho kom seg etter det første sjokket kika ho ut vindauget og oppdaga at det var kome eit krater rundt flaggstanga i hagen. To grøfter hadde bana seg far frå fundamentet og vidare fleire meter til ei solbærbusk, og i den andre enden av flaggstanga var der svarte forer i retning mot garasjen til broren Karl-Johan Holstad, som er næraste nabo.

– Heldigvis hadde eg kopla ut TV-en, men støypselet til modemet i stova var tilkopla. Det var sprengt, og Marion er no utan Internett-tilgang.

Men herjingane var endå verre på eigedomen til broren Karl-Johan. Både han og kona var borte under lynnedslaget, og bilen stod derfor ikkje i garasjen.

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Vart møtt av torv ved inngangsdøra
Det første dei såg då dei kom heim var at det låg fleire torver på inngangstrappa til huset. Dei vart sjølvsagt forundra og begynte å sjå seg litt rundt. Då oppdaga dei dei svarte fòra frå flaggstanga som hadde bana seg veg langs armeringa til den stensette gardsplassen og vidare bort mot garasjen. Der hadde kreftene slått seg inn i nedløpet frå takrennene, smadra aluminiumen og slått hol i betongsolen på garasjen. To utelykter, som var solid festa på kvar sida av garasjeporten var sprengde frå veggen, og inne i garasjen slang armaturen frå lysbrytarane lause ut frå den krasa boksa.

– Men eg har mobilt breidand, så det har ikkje gått ut over Internett-tilgangen hos oss, fortel Karl-Johan.

Kvar kula i toppen har blitt av veit ikkje Marion. Truleg ligg ho smadra under snøen som kom etter lynnedslaget, og som også no har skjult det meste av spora i jorda.

Men flaggstonga er framleis svart, både av jord og truleg også sot i den øvste delen.

Marion Holstad går i vakter som sjukepleiar, og då ho nokre timar etter lynnedslaget kom på jobb, var det kollegaer som kommenterte at ho var så raud i augene.

– Eg kjende eit voldsomt trykk, og smellen sit faktisk i hovudet enno, fortel ho.

Både Marion og Karl-Johan Holstad har sjølvsagt kontakta forsikringsselskapa sine.

Les saka i Vikebladet.