Debutantvåren 2015

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blant dei er Sten Hellevig, som også tek tak i musikken i «Dryads», om eit jenteband som tar over eit gammalt kråkeslott og blir sett gjennom auga til nabojenta. Regissøren lèt like godt hovudrolleinnehavar Iben Akerlie, sist sett i «Victoria», skrive rockesongtekstane sine sjølv – til musikk av blant andre Thom Hell.

– Då vart det linjer som «My naked body was an open buffé», seier Hellevig.

Ein annan langfilmdebutant er Yngvil Sve Flikke, som med debutfilmen «Kvinner i for store herreskjorter» – basert på Gunnhild Øyehaugs suksessroman «Vente, blinke» – er klar for å delta i hovudkonkurransen på filmfestivalen i Göteborg om éin million kroner.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner

Dobbeltklar Sewitsky
– Lesarane vil bli overraska, men dei vil kjenne igjen ein del. Eg håpar eg har med humoren og overskotet som boka byr på, i filmen, seier Sve Flikke til NTB. Ho har med skodespelardebutanten Inga Ibsdotter Lilleaas så vel som meir drivne Henriette Steenstrup og Anne Krigsvoll, sistnemnde i ein rolle ny for filmen.

– Tre generasjonar jenter, som alle er det same i hovudet, ler Krigsvoll, som spelar forfattar med 40 års skrivesperre som no jobbar på trelastlager.

I hovudkonkurransen i Göteborg møter «Herreskjorte»-filmen to andre norske filmar – der store forventningar er knytt både til samproduksjonen «Svenskjævler», så vel som til Anne Sewitskys nye, tredje film «De nærmeste». Rett i forkant skal Sewitsky først til den prestisjefylte Sundance-festivalen.

LES OGSÅ: Nordisk språkpris til Jacob Oftebro

– Det er fantastisk å opne der. Då får du kjapt eit publikum, fastslår Sewitsky erfarent, medan den nye stjerna hennar, fersk frå filmskulen, medgir at ho ikkje er «så glad i den delen».

– Men eg er glad for å debutere i filmen, seier Inne Marie Wilmann. (©NPK)

LES OGSÅ: Djupdykkar i tungtvatnet