Dei frir til Edward Snowden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Vigga

Saman med eldstesyster Guri sin sambuar Sigurd Brørs, i ein konstellasjon kalla The systers and the Brørs, har systrene laga ei romantisk tilnærming til Snowden-saka.

Sjå videoen her, saka held fram under:

LES OGSÅ: Vil gi fredsprisen til Snowden

Personleg asyl
Sigrid spelar Sigrid i videoen, og presenterer eit slags politisk frieri, ståande på ski ned Lokkarvegen, gjennom Vigga frå Samlingshaugen. Bodskapen går beint til den amerikanske varslaren, som mot eit namnebyte og giftarmål, skal få personleg asyl hjå Sigrid i Eremittbue på Lesja.

Der blir han lova litt av kvart, og saman skal dei «hacke Barack», høyre på vinyl og dele Lypsyl.

Alt til fengande toner, som lett set seg. Sigurd Brørs står bak musikken og spelar alle instrumenta, medan Sigrid syng hovudvokal. Teksta har trioen laga saman.

– Blir det noko satsing på band, eller?

– Nei, dette er nok ein fritidssyssel og hobby. Det er ganske vanskeleg å leva av å gje ut musikk i Norge, så det er ikkje store kommersielle forhåpningar, nei, seier Sigrid.

LES OGSÅ: Gjev blaffen i overvaking på nett

Feigskap frå Norge
Under den humoristiske tonen i musikkvideoen ligg det likevel politisk alvor, fortel Sigrid.

– I botnen ligg jo meininga vår om at han bør få asyl i Norge. Vi er overraska over feigskapen til Norge overfor USA i denne saka. USA er ellers ikkje så seine med å fordøma andre land som bryt menneskerettane, seier ho.

Teksta og songen vart til for eit år sidan. Den fine vinterstemninga innbaud til videoproduksjon i jula, og til å lage Snow-den (Snø-hule/sjoholo).

– Eg ventar jo eigentleg å få respons frå Snowden, eg trur han har oversikt over YouTube. Eg reknar også med at han brukar analogt utstyr for å svare, for å vera på den sikre sida, seier Sigrid.

Ho meiner Eremittbua må vera ein fin plass å gøyme seg på, og i videoen syner den seg også å vera svært romsleg inni …

LES OGSÅ: – Overvaka 33 millionar norske mobilsamtalar