Ting du neppe kjem til å få høyre i 2015 (heller)

Tradisjonar skal oppretthaldast. Ikkje spør meg kvifor, men det skal dei. Her er mitt bidrag.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette får du neppe høyre i 2015

Nyttårsdagane er fulle av vakre tradisjonar. Det er hopprenn. Det er rakettar. Det er klemming av folk du ikkje kjenner. Langrennsløparar blir avbilda i avisene i kjole for å vise at dei er nesten normale menneske sjølv om dei går på ski. Alle skriv om at tida no er inne for å slanke seg, unntatt dei som skriv om at det er farlig med denne slankinga.

Og ikkje minst: Nyttårstalar. Først kongen. Så statsministeren. Det som var mest merkbart med årets nyttårstale frå statsministeren, var at han var altfor kort. I sendeskjema er det av ein eller annan sjuk grunn sett av over eit kvarter til statsministerens nyttårstale. Om du les gjennom manuset til årets nyttårstale i normalt tempo, finn du ut at det tek omtrent halvtanna minutt. Dette oppdaga nok også statsministerens nærmaste under første gjennomlesing. Derfor blei det bestemt at statsministeren skulle lese talen ekstremt sakte og dessutan legge inn ein del ekstra ord. Dei ekstra orda som blei lagde inn, var «gjøre en forskjell», og dei blei lagde inn så ofte som mulig og litt til, sidan desse orda også nesten er tittelen på ei bok av Jonas Gahr Støre, og det ser ut til å funka bra for han.

LES OGSÅ: Fordufte, forsvinne, fordunste

Så langt har med andre ord alt vore som venta i 2015. Men så? Kva skjer no? Det veit ingen. Men vi kan gjette. Eg liker ikkje gjetting. Eg skriv trass alt i avisa, så eg kallar det politisk analyse, når eg – tradisjonen tru – for ca fjerde år på rad gir deg lista over:

Ting du neppe kjem til å få høyre i 2015 (heller):

Her er Dagsrevyen, vi har ingenting i dag vi.

Og ny inkluderingsminister blir Christian Tybring-Gjedde.

Martin Ødegaard har bestemt seg for å legge opp som fotballspelar, fordi han har lyst til å ha meir tid til å drikke alkohol og danse.

Etter eit halvt år som NATO-sjef har Jens Stoltenberg bestemt seg for å slutte og tulle, og begynne å snakke ordentlig engelsk.

Og det er ingen norske utøvarar mellom dei førti beste i verdenscupen i langrenn.

Vi har bestemt oss for å legge ned «Farmen» for godt. La gå at mange seg på og at avisene knapt skriv om anna, men la oss seie det som det er: Det er drit kjedelig.

Det er mulig statsråden har latt vere å informere stortinget, men vi i opposisjonen kan ikkje legge oss opp i alt mulig heller. Her må vi vere litt rause. Alle kan gjere feil. No må regjeringa få arbeidsro.

SV ser ut til å ha gjort eit brakval.

Regjeringa har snudd og går likevel heilhjerta inn for OL i Oslo .

Den norske nobelkomiteen har bestemt at Nobels fredspris for 2015 går til Anders Anundsen.

Leiinga i Brann har kunngjort at målet for sesongen er å hamne sånn omtrent midt på tabellen i serien, og bli slått ut av cupen i tredje eller fjerde runde. «Vi må innsjå at vi høyrer heime på nest øverste nivå i norsk fotball,» seier leiinga. Heile Bergen seier seg godt fornøgde med ambisjonsnivået til klubben.

Og hovudattrasjonen på Øya-festivlan på fredag blir Ole Ivars.

Ja, samtlige norske kulturarbeidarar har skrive under på oppropet «Vi elskar Thorhild Widwey».

I ein kommentar seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre: «Æh.. det vet jeg ikke».

Og jeg har derfor valgt å benytte denne nyttårstalen til å kunngjøre at jeg abdiserer. Nok er nok. Nå får dere klare dere selv. Godt nytt år. Og lykke til.

LES OGSÅ: Året du berre kan gløyme

Først publisert i Aftenposten.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!