Elbilparken dobla igjen

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt vart det 1,4 prosent fleire nye personbilar her til lands.

Statistikk frå Opplysningsrådet for Veitrafikken viser at det vart registrert 144.202 personbilar i Noreg i fjor. Samtidig var det 437.456 eigarskifte av personbilar (bruktbilsal), ein oppgang på 1,7 prosent frå 2013.

LES OGSÅ: Tre av ti vil ha hybridbil

18.017 av dei nyregistrerte personbilane var heilelektriske. I tillegg kjem elvarebilar og bruktimporterte elbilar. Totalt blir det meir enn 20.000 nyregistrerte elbilar, opplyser Norsk Elbilforening, som likevel ikkje er nøgde.

– Den høgaste marknadsdelen vart nådd i første kvartal, med 14,5 prosent, medan elbilane utgjorde 12,7 prosent gjennom heile 2014. Salet har altså ikkje auka gjennom året, seier generalsekretær Christina Bu i foreininga.

Volkswagen er det mest populære bilmerket i Noreg. Både når det gjeld elbilar og bilar generelt er det tyske merket på topp i talet på registreringar.

LES OGSÅ: Grønt lys for grøne drosjer